Vil arrangere fleire rekrutteringsturar
Jobbkandidatar er i helga på festivaltur til Ålesund. Snart får fleire sjansen.
I helga er ein rekke potensielle jobbkandidatar på tur til Ålesund og Jugendfest. Felles er at dei er unge vaksne med relevant utdanning for mange bedrifter i regionen, og turen er spandert av MMC First Process.
Snart vil fleire få sjansen, ettersom bedrifta ser på moglegheitene til å utvide tilbodet.
– Vi ser vi på moglegheitene til å invitere til eksempel til dykkartur om hausten, og om vinteren kan det vere aktuelt med toppturarrangement, fortel Per Helge Devold til NETT NO.
Marknadssjefen i MMC First Process er mellom dei som har vore involvert i rekrutteringssamarbeidet som har hausta mykje ros.
Saman med Momentium inviterte bedrifta personar busett andre plassar i landet til denne helga.
– Saman med fleire kundar vil vi vurdere korleis vi kan vidareføre rekrutteringsarbeidet, seier HR-sjef Merete Mostue i MMC First Process.
Speed-dating med lokale bedrifter
Fredag samlast kandidatane til mingling på hotellet i sentrum, før turen går til konsertar frå VIP-avdelinga ved Color Line Stadion.
Før det er klart for meir musikk og moro laurdag, får deltakarane møte lokale bedrifter til speed-dating.
Her møter dei ulike bransjar via sjømatprodusenten Hofseth International, Sølvtrans-reiarlaget og oppdrettarane i Salmon Evolution og Gadus.
– Vi håpar sjølvsagt at nokre av desse vil få lyst til å flytte til Ålesund etterpå. Anten hos oss, eller for den saks skuld hos ein av konkurrentane våre. Og har dei ein partnar som vil vere med, så skal vi vise at regionen har spennande jobbar til dei også, avsluttar Per Helge Devold.
Publisert: 19.08.2022 19:32
Sist oppdatert: 19.08.2022 19:47