Med opning av splitter ny McDonalds-restaurant i Kristiansund i romjula er Sverre Villanger sitt selskap Villa Vest Familierestauranter på plass i både Ålesund, Molde og Kristiansund.
Neste år, i 2026, håpar han å nå tilsaman 110 millionar kroner i inntekt på dei tre restaurantane.
I 2017, som var første heile driftsår for selskapet, nådde han 22 millionar kroner. I juni 2024 overtok han McDonalds i Molde og blei dermed representert både i kjøpesenteret på Moa i Ålesund og kjøpesenteret Roseby i Molde.
140 tilsette
2024-inntektene blei 66 millionar kroner, og inkluderer inntektene frå Molde halve året
Med den nye restauranten på Alti-kjøpesenteret i Kristiansund er Villanger oppe i omlag 140 tilsette, som utgjer omlag 100 årsverk, seier han.
I ei eiga klasse
I Nett NO si årlege resultatoversikt for restaurantane på Nordvestlandet er Villianger i ei eiga klasse.
Der var Egon-restuaranten den største i fjor, med 40 millionar kroner i driftsinntekt.
(Den oversikta omfattar meir tradisjonelle restuarantar, ikkje gatekjøkken-, hurtigmat og serveringstadar på kjøpesenter).
| Villa Vest Familierestaurant AS | ||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 66,3 | 45,4 |
| Driftsresultat | 2,5 | 4,0 |
| Resultat før skatt | 2,7 | 4,1 |
Publisert: 30.12.2025 11:43
Sist oppdatert: 30.12.2025 12:49






