Øyvind Reed Whereby foto Ogne
STORE KOSTNADAR: Whereby-sjef Øyvind Reed auka staben då koronapandemien gjorde at inntektene blei tre gangar høgare på to år. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Siktar mot balanse

Etter to år med store underskot, er målet balanse for teknologiselskapet Whereby i Måløy.

09.08.2023

Etterspørselen etter videokonferanse-teneste gikk rett til vers då koronapandemien kom og smittevernrestriksjonar tvinga folk til å møtes på nettet.

Whereby - tidlegare Videonor - i Måløy gav gass og auka både staben og utviklingsarbeidet. Det kosta.

Inntektene steig frå 29 millionar kroner i 2019 til 88 millionar kroner i 2021, men kostnadane auka enda meir.

I 2020 hadde selskapet sitt høgaste resultat før skatt sidan starten, 12,2 millionar kroner, men i 2021 og 2021 vart det til saman eit underskott på 137 millionar (sjå tabell).

No jobbar konsernet mot balansen i 2023, står det i årsmeldinga for 2022.

Telenor størst
Whereby spring ut av teknologi-miljøet i Måløy og har framleis fleire lokale investorar på eigarsida.

Telenor-selskapet Telenor Communication II er største aksjonær, med 23,915 prosent av aksjane. Nest størst er investeringsselskapet Point Nine Capital Fund V Gmbh & Co Kg med 21,294 prosent eigarandel.

Gunnar Carlson og familien eig 11,861 prosent gjennom selskapa Støa og Brothers, og er tredje største eigar i Whereby.

Whereby as
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt76,988,4
Driftsresultat-47,1-90,3
Resultat før skatt-49,3-90,4
Whereby as (konsern)
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt74,090,2
Driftsresultat-51,1-86,5
Resultat før skatt-50,9-86,1

Færre tilsette
I fjor fall driftsinntektene til Whereby-konsernet med 18 prosent.

Konsernet har redusert staben, frå 60 årsverk i 2021 til 47 i 2022.

I årsmeldinga, som er datert 19. juni i år, skriv selskapet at "Whereby står for øyeblikket overfor en utfordring med likviditeten."

NETT NO har ikkje lukkast å få kontakt med dagleg leiar Øyvind Reed.

Publisert: 09.08.2023 09:15

Sist oppdatert: 09.08.2023 12:55

Mer om