Øyvind Reed Whereby foto Ogne
SATSAR: Whereby-sjef Øyvind Reed har auka staben og også andre kostnadar for å gi Whereby vidare vekst. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

90 millionar i minus

Videokonferanse-selskapet nesten dobla inntektene i fjor - og gjekk frå plussresultat til stort underskot.

22.08.2022

Whereby - tidlegare Videonor - i Måløy fekk eit kraftig oppsving då koronanpandemien kom. Bruken av videokonferansar skaut i veret då folk ikkje lenger kunne eller ville reise for å møtast.

Frå 29 millionar kroner i driftsinntekter i 2019 vaks inntektene til 88,4 millionar kroner i fjor (sjå tabell under).

Selskapet har satsa mykje på vidare vekst, med oppbemanning og utviklingskostnadar i ein marknad der Google, Microsoft og Zoom er dei store konkurrentar.

(saka held fram under)

Whereby As
Tal i mill. kroner20212020

Driftsinntekt

88,447,5
Driftsresultat-90,316,5
Resultat før skatt-90,412,2
Whereby As (konsern)
Tal i mill. kroner2021
Driftsinntekt90,2
Driftsresultat-86,5
Resultat før skatt-86,1
Rotterace
I fjor la Whereby om strategien, til å satse først og fremst på bedriftskundar og ikkje vidareutvikle tilbodet til privatkundar.

– Det er eit rotterace. Anten så kan ein stå på sidelinja og melde seg ut, eller så er ein med på spelet, seier dagleg leiar og medeigar Øyvid Reed til teknologiavisa Shifter i fjor, i samband med at selskapet henta inn omlag 100 millionar kroner i ei kapitalutviding.

Tilsette jobbar i fleire land
Whereby meir enn dobla lønskostnadane, til 34 millionar kroner i fjor. Konsernselskapet, som rapporterer sitt første år i 2021, hadde 71 millionar kroner i lønskonstnadar.

Konsernet sysselsette 60 årsverk i fjor. Hovudkontoret er i Måløy, men dei tilsette er spreidde på fleire land.

Usikre utsikter
Markedsforventningane de neste årene er usikre, skriv Whereby i årsmeldinga for 2021.

Geopolitiske spenningar, krigen i Ukraina, inflasjon, renteauke og effekten av koronapandemine byrjar å påverke marknaden Whereby er i. Det har gjort både kundar og potesielle investorar meir forsiktige, ifølgje årsrapporten.

Telenor største eigar
Telenor er største eigar, med 23,9 prosent. Investeringsfonder Nine Point Capital Fund V eig 19,8 prosent og Point Nine Annex eig seks prosent. Måløyinvestor Gunnar Carlssons selskap Brothers eig 3,2 prosent direkte og 8,7 prosent gjennom selskapet Støa.

NETT NO har ikkje lukkast i å få ein kommentar til årsreknskapen frå dagleg leiar Øyvind Reed i Whereby.

Publisert: 22.08.2022 05:00

Sist oppdatert: 22.08.2022 01:16

Mer om