Siktar mot første sal i år
Etter ei vellukka kapitalutviding er målet til Inseanergy å få sitt første kommersielle sal.
To nye prototypar av det flytande solcellekraftverket til Inseanergy skal på sjøen i første kvartal for å teste og vidareutvikle teknologien.
I andre halvår i år reknar selskapet med å ha gjennomført sitt første sal på kommersielle vilkår, seier dagleg leiar og medeigar Jan Erik Våge Klepp.
I 2026 skal Inseanergy selje for 860 millionar kroner og få eit resultat før skatt på 126 millionar kroner i følgje prospektet til investorane.
Kapitalutviding-suksess
Ideen til Inseanergy er å bygge og vedlikehalde solcellekraftverk på utrangerte oppdrettsmerder. Målet er å utnytte oppdrettsmerder som ellers skal skrapast, og forsyne oppdrettsanlegg med straum.
Søndag 9. januar nådde selskapet målet om få investorar til å teikne seg for 30 millionar kroner i ny eigenkapital. Mandag 17. januar vert teikninga endeleg bindande og den nye eigarstrukturen klar, og er veke etterpå skal pengane vere på bok.
Mange eigarar
Før kapitalutviding hadde Inseanergy fem aksjonærar i tillegg til Våge Klepp; Notøyfamiliens investeringselskap (som også eig presenningprodusentenen Plany, Roger Hofseths selskap Ocean Solar, Nortel-grunnleggar Christian Pritchards selskap Proff Invest, Kjell Åge Saure og Liva Christin Notøy.
Alle eksisterande aksjonærar og tilsette i selskapet har vore med på kapitalutviding saman med over 500 andre investorar. Med full pott i kapitalutvidinga betyr det at kapitalen som blir skoten inn vil eigg 66,67 prosent av selskapet. Blant investorane som har gått inn er eit selskapet i Pir Invest-nettverket i Ålesund, med i overkant av ein million kroner, ifølgje Våge Klepp.
Publisert: 10.01.2022 11:10
Sist oppdatert: 10.01.2022 12:52