E-sport-selskapet Metizport sikra seg ny investor etter å ha presentert seg på Investormatch i Ålesund denne veka.
Rostein-topp Glen Bradley fatta interesse etter å ha høyrt presentasjonen der dei fortalde at dei var ute etter investorar til ein emisjon.
– Eg har eit veldig positivt inntrykk av selskapet og menneska bak. Dette er ein dedikert gjeng som kan det dei held på med, og er i ein bransje som er i kraftig vekst, seier Bradley til Nett No etter å ha møtt selskapet dagen derpå.

Han og Sandøy-familien som eig Rostein-reiarlaget, har bestemt seg for å bli med på emisjonen, stadfestar han.
– Vi vil også forsøke bidra med vår kompetanse inn i selskapet og den vidare reisa deira, legg Bradley til.
Selskapet er også ute etter fleire investorar for å nå målet om seks til åtte millionar i ny eigenkapital.
– Her er vår «Color Line Stadion»
For dei som ikkje veit kjenner til e-sport, kan det vere ei utfordring å få grep om kva for verksemd Metizport driv med.
Ei enkel samanlikning kan vere ein fotballklubb på profesjonelt nivå. På same vis har ein e-sportklubb lag med spelarar som får betalt mellom anna med inntekter frå sponsorar og reklame.
– Her er vår «Color Line Stadion», seier dagleg leiar Arjan Sydhagen Dalsøren då han tek i mot Nett No i hovudkvarteret på Myrvåg i Herøy.
På kring 360 kvadratmeter har dei resepsjon, kontor og fleire større spelerom. Nemnte «Color Line» er eit rom med pc-ar og gode gamingstolar på rekke og ein stor logo på veggen bak.

Millionar av følgjarar
Underhaldningsdelen av e-sport er viktig, og kring 45 prosent av inntektene til Metizport kjem frå reklame og sal.
– Vi skal bygge ei sterkare underhaldningsavdeling som kan skape meir engasjement og inntekter, seier han om kva pengane frå emisjonen skal gå til.
Dei store turneringane samlar både titusenvis av publikummarar i fysiske arenaer og millionar som følgjer med online.
I potten kan det ligge fleire millionar i premier. Pengar som spelarane vinn på turneringar, utgjer i dag kring ein firedel av omsetninga.
Medan mange selskap lar spelaren få opptil 90 prosent av inntektene, har Metizport avtaler som sikrar jamnare fordeling mellom spelar og selskap.
– Det har gjort at vi har fått betre marginar. Bransjen er nøyd til å tene pengar, legg Dalsøren til.

Mål om meisterliga
Målet neste år er å omsette for 16 millionar. Samtidig ønsker dei å få med spelarar i den mest prestisjefylte turneringa e-sportens Champions League.
– Neste år er det to «champions league»-turneringar, samtidig som det er 32 europaligaer, fortel salssjef Herman Leikanger.
Målet om meisterligadeltaking rauk med minst mogleg margin i år. No er turneringssystemet endra til fordel for Metizport og dei er optimistiske.
– Vi veit at sjansane våre til å hente premiepengar kontinuerleg er større, seier Leikanger.
Det Metizport held på å bygge, er meningsfult både for distriktet og regionen
Overtyd om vekstpotensiale
Sjølv om Rostein-direktør Glen Bradley har hatt konktakt med Metizport tidlegare, kjente han ikkje særleg godt til kva det «eigentleg» tente pengar på før han kom til investormatch.
No er han overtyd om at dei ikkje berre har nokre av landets beste utøvarar i e-sporten – men at selskapet også har eit vekstpotensial han vil vere med å utvikle.
– Eg ser også at dei tek med seg sunne verdiar, ein kultur som har menneskefokus, og eit stort sosialt ansvar i det dei held på med. Det stemmer godt med mine og våre verdiar, seier Bradley.
Han påpeiker at selskapet driv eit breiddetilbod i tillegg til å ha eit lag med spelarar som presterer på toppnivå.
– Det gjer at det Metizport held på å bygge, er meningsfult både for distriktet og regionen, seier Bradley.

– Først og fremst ein møteplass
Det er store forventingar til korleis digital idrett, eller e-sport vil utvikle seg. Globalt er marknaden spådd å vere på kring 70 milliardar innan 2030.
I Norge er e-sporten framleis ung, men det har vekse fram miljø fleire plassar på Nordvestlandet.
Metizport-sjefen fortel at fleirtalet som kjem innom lokala deira synest det er kjekt og sosialt. Eit mindretal er meir seriøse og spelar for å satse.
– Det er først og fremst ein møteplass, også ser vi oss ut spelarar som kan spele på aldersbestemte lag, eller seinare på akademilag, seier Dalsøren.
Dei har óg ei SFO-ordning der skuleelevar kan kome om ettermiddagen.
Kan tene gode pengar
Spelarane deira konkurrerer i kjende spel som Valorant, Counter-Strike og Fortnite. Som i fotballverda, kan dei beste tene gode pengar – men det er mange som kjempar om å vere best.
Den beste spelaren tenar fleire titusen kroner i månaden som tenåringar. Målet for selskapet er naturleg nok å finne talent dei kan utvikle til toppspelarar for sine lag.
– Karsten Warholm (som tidlegare har investert i selskapet, journ. anm.) sa han ville vere med, fordi kanskje finst det ein e-sportens Karsten Warholm i regionen. Då må dei ha gode tilbod, seier Dalsøren.
I helga ventar NM der akademilaget deira er favorittar.
Publisert: 18.10.2024 05:00
Sist oppdatert: 17.10.2024 20:16