Metizport Kristine Gølin Haddal Arjan Sydhagen Dalsøren Karsten Warholm Øyvind Sundgot Jan Rune Dalsøren foto Kevin Andre Bø
NY EIGAR: (f.v. )Kristine Gølin Haddal, manager for Karsten Warholm – Arjan Sydhagen Dalsøren, dagleg leiar Metizport – Karsten Warholm – Øyvind Sundgot, styremedlem Metizport – Jan Rune Dalsøren, styreleiar i Metizport. Foto: Kevin Andre Bø
Nytt

Metizport får Warholm på eigarsida

Idrettsstjerna blir aksjonær i lokalt elitelag i e-sport.

12.01.2023

(NPK-NTB): Friidrettsstjerna Karsten Warholm har kjøpt aksjar i e-sportklubben Metizport. Han trur på kunnskapsutveksling.

– Eit ungt og lovande prosjekt som eg har sterk tru på. Og det i ein bransje som veks enormt. Lokalt og spennande – og med grenselause moglegheiter, seier Karsten Warholm.

Warholm ser på engasjementet som ein måte å kombinere interessene for idrett og teknologi på.

– E‐sport er i ferd med å bli verkeleg stort, og eg trur at vi har mange spennande moglegheiter framfor oss, seier Warholm.

Metizport er ein av dei leiande e‐sportklubbene i Noreg og har lag og spelarar innan ei rekkje populære spel. Klubben har mellom anna også ei eiga breiddeavdeling.

– Eg er oppteken av lokale verksemder frå heimtraktene mine som skaper verdiar – og som tenkjer nytt og spennande, både lokalt og internasjonalt. Dette er midt i blinken i så måte. I tillegg er det ekstra gøy med ei relativt ung målgruppe, seier Warholm.

(©NPK)

Publisert: 12.01.2023 13:53

Sist oppdatert: 12.01.2023 14:25

Mer om