Sild ms tunfisk foto magne sjo ms tunfisk fredrik hansen 11
FØRSTE FANGST: MS Tunfisk melde inn første sildefangsten frå gytefelta utanfor Mørekysten måndag. Ein rekke båtar jaktar no silda og prisane er høge. Foto: Magne Sjo/MS Tunfisk - Fredrik Hansen
Nytt

Sildefiske i gong på Buagrunnen

– Fantastiske prisar, fortel mannskapet som melde inn første fangsten. Analytikar påpeiker at dei pelagiske fiskeslaga klarar seg godt i krisetider.

Marius Rosbach
23.02.2021

– Vi håpar at det smeller til på Møre, sa salsleiar Kenneth Garvik i Sildelaget til NETT NO måndag ettermiddag. Berre kort tid etter artikkelen var lagt ut, tok det laust utover kvelden måndag – og dei første båtane kunne melde om fangst ved Buagrunnen.

Først ut var Hordaland-båten MS Tunfisk som fekk om bord 345 tonn og som tysdag er til lossing ved Pelagia-anlegget i Hjørundfjorden. Prisen vart 8,38 per kilo, som tilseier at mannskapet håva inn fisk for nær 2,9 millionar kroner på det eine kastet.

– Det er fantastiske prisar og det vel den beste betalte silda så langt i 2021, fortel Tommy Sjo frå mannskapet til NETT NO.

Også Buefjord og Orfjord melde inn fangstar på 80 og 280 tonn i løpet av måndag kveld.

Her kan du sjekke siste innmelde fangstar (ekstern lenke)

Pelagisk klarer seg godt under pandemien
Sildefiske utanfor Mørekysten er seinare enn i fjor, men det er no ein stor flåte med båtar som jaktar silda ved gytefelta.

– 8,38 per kilo er ein høg pris for sild, fortel sjømatanalytikar Finn-Arne Egeness i Nordea til NETT NO, og påpeiker at snittprisen så langt i år ligg på 6,01 kroner.

Snittprisen for NVG-sild den siste veka har vore på 7,38 kroner per kilo.

– Det viser nok ein gong at pelagisk fisk som sild og makrell klarar seg veldig godt i krisetider. Prisane på torsk og laks har vore låge under pandemien, fordi hotell og restaurantbransjen har stengt ned. Men pelagisk klarar seg betre fordi det stort sett er daglegvarebutikkane som omsett desse fiskeslaga, legg Egeness til.

– Topp kvalitet for rognpressing
Salsleiar Kenneth Garvik i Sildelaget fortel at det er snakk om stor sild. Snittvekta på fangsten til MS Tunfisk var på 350 gram.

– Dette er sild av eldre årsklasse som har vandra frå beite, inn mot kysten og deretter sørover for gyting. Då er det gjerne den store silda som ligg i front, fortel salsleiar Kenneth Garvik i Sildelaget til NETT NO.

Det er spesielt rogna som har vorte eit ettertrakta produkt, og i løpet av nokre hektiske dagar vil kvaliteten no vere på topp.

– Denne silda er venta å ha topp kvalitet for rognpressing. Silderogn har hatt ein veldig fin utvikling på kvantum og pris. Det er hyggeleg at det er mogleg å gjere seg nytte av eit biprodukt på dette viset, legg Garvik til.

Publisert: 23.02.2021 11:07

Sist oppdatert: 23.02.2021 14:06

Mer om