Kings bay pelagia hjørungavåg foto marius 11
SILDEFANGST: Ein stor flåte jaktar no silda langs kysten. Pelagia-anlegget i Hjørungavåg har fått dei første sildefangstane til kai. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Opptur med meir fisk og betre pris

Silda er på veg inn på gytefelta og prisane er gode. – Vi håpar at den skal bli enno litt betre, seier fabrikksjefen ved Pelagia i Hjørungavåg.

Prisoppgang og større kvoter tyder på at sildefiskarane kjem til å få eit betre år enn i 2020 - som i sin tur var betre enn 2019.

I desse dagar er silda på veg inn på gytefelta utanfor Møre og Romsdal, forhåpentleg med rogn av ypparste kvalitet. Ved Pelagia-anlegget i Hjørungavåg har dei allereie hatt nokre leveringar, men fabrikksjef Rune Hoddevik fortel at rogna førebels ikkje er heilt prima.

– Vi er ikkje heilt der vi skal vere enno, og vi håpar at den skal bli enno litt betre, fortel han til NETT NO.

- Den beste perioden i året
Ringnotbåten Kings Bay leverte ved anlegget på tysdag etter å ha teke sild lengre nord. Dagen i forvegen blei første last levert, og ein ny båt var venta innom seinare på tysdagen.

(saka held fram under)

Kings bay pelagia hjørungavåg 33
GODT FJORÅR: Fabrikksjef Rune Hoddevik fortel at fiskemottaket i Hareid hadde eit «godt år» i 2020, utan negative konsekvensar som følgje av koronapandemien. Foto: Marius Rosbach

– Vi er snart inne i den beste perioden i året for vår del. No ventar vi berre på at silda skal kome inn på Buagrunnen. Det går rykte om at torskefiskarane har fått sild i trålen, og det er eit teikn på at den er på veg, fortel han.

Pelagia-anlegget i Hareid har investert i rognanlegg og har kring 60 tilsette i sving nokre hektiske veker framover. Den finaste rogna går til sushimarknaden i Asia. Hoddevik fortel at dei også har starta å levere meir umoden rogn til farmasien og medisinsk bruk.

Betre pris og større kvote
Ei stor flåte jaktar no silda langs kysten og samanlikna med fjoråret, då første fangst var 13. februar, ligg ein litt bak.

No i februar får fiskarane 7,14 kroner kiloen for silda, mot 5,75 kroner kiloen i februar fjor.

Samstundes er sildekvoten for 2021 omlag 25 prosent høgare enn i 2020, og allereie no har fiskarane fiska omlag like mykje som i vinter og vårsesongen 2020, ifølgje Norges Sildesalslag.

Har tolt korona godt
Pelagisk fisk, som sild, har klart seg betre under koronapandemien enn laks og kvitfisk, fordi det er ei billig proteinkilde som først og fremst blir seld i daglegvarehandelen og i produktformat som held seg lenge, skriv sjømatanalytikar Finn-Arne Egeness i Nordea i eit notat til NETT NO.

Ein meir global råvaremarknad for fryst fisk og høgare priser på fiskemjøl og -olje har ført til ein formidabel prisutvikling på pelagisk fisk, skriv han.

Det russiske importforbodet trekkjer motsett veg, og dempar sildeprisen ifølgje Egeness.

Trur sildeprisen kan falle
Førebels prisrekord for sild vart sett i 2016 med 8,06 kroner per kilo.

Egeness trur sildeprisen kan falle noko seinare i år, mellom anna fordi sildefisket har mista Marine Stewardship Council-godkjenninga som ei berekraftig fiske.

Godkjenninga er trekt tilbake fordi Norge, Island, Russland, Grønland og EU de siste ti åra ikkje har klart å bli samde om ei felles kvoteavtale.

Publisert: 17.02.2021 05:55

Sist oppdatert: 18.02.2021 19:45