Sild smaragd
SILD: Godt sildefiske nordpå etter NVG-sild, men silda har ikkje hastverk med å flytte seg sørover. Illustrasjonsfoto: Smaragd
Nytt

Sildefisket godt i gang nordpå

Fine makrellfangstar på irske båtar, og ringnotflåten førebur seg til loddefiske.

24.01.2023

Sildelaget melder om bra fiske etter NVG-sild nordpå. Sist veke vart det meldt inn vel 33.000 tonn, der 5.600 tonn vart fiska fredag.

Det vert meldt om godt med sild inne i fjordane, både i Kvænangen og i Reisafjorden.

Dei større båtane har tatt fangstane utanfor fjordane, og Sildelaget opplyser at silda ikkje ser ut til å ha noko hastverk med å flytte seg sørover. Det er alltid knytt stor spenning til om silda flyttar seg heilt sør til felta utanfor Sunnmøre. I fjor stoppa mesteparten av silda på Buagrunnen vest av Bud.

Dei fleste fangstane vert leverte nordpå, men Vikingbank har jakta NVG-sild i Norskehavet og er no på veg med 1.100 tonn til Pelagia Egersund.

Leverer på Sunnmøre
Utlendingane er godt i gang med makrellfiske, der fisket i hovudsak har foregått nordvest av Orknøyane. Sist veke vart det innmeldt 14.000 tonn, og det var fleire fine fangstar trass dårleg ver.

Tidleg tysdag har den irske båten Aine meldt inn 800 tonn makrell, som skal leverast til Olav E. Fiskerstrand på Fiskarstranda.

Ein annan irlendar, Neptune, melde inn 590 tonn måndag, og er tysdag på veg til Brødrene Sperre på Ellingsøya.

Klar for loddefiske
Sildelaget melder også om godt fiske av hestmakrell, der åtte fartøy har meldt inn til saman 267 tonn.

For stor deler av ringnotflåten er det no loddefiske på Island som står for tur. Sildelaget forventar at dei første båtane snart vil bevege seg nordvestover.

Publisert: 24.01.2023 13:08

Sist oppdatert: 24.01.2023 13:04

Mer om