Finn Arne Egeness Nordea på Ombordfryst 2023 foto Ogne
FLATA UT: Etterspørselsveksten for torsken har flata ut dei siste åra. No treng fiskarane ein kraftig prisauke for å kompensere for at det blir reduserte kvoter framover, meiner sjømatanalytikar Finn-Arne Egeness i Nordea. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Treng nye prisrekordar på torsken

Nordea sin sjømatanalytikar peika på kva som må til for å unngå fall i inntektene.

12.01.2023

Fiskarane må finne marknader som vil betale 25-35 prosent meir for torsken enn dagens rekordprisar for at dei ikkje skal oppleve fall i inntektene, meiner sjømatanalytikar Finn Arne Egeness i Norda.

Det er komande reduksjonar i torskekvotane dei næraste åra, saman med ein fallande etterspørselsvekst dei siste åra som ligg bak analysen han presenterte på konferansen Ombordfryst 2023 i Ålesund torsdag.

Fiska for 9,5 milliardari fjor

Takka vere at ein del kvote som skulle vore fiska i 2022 blei overført til i år, er ikkje reduksjonen i årets torskefiske så stor. Nivået gjekk frå omlag 350 tusen tonn for norske fiskarar i 2022, til omlag 300 tusen tonn i år.

I fjor fiska norske fiskarar torsk for omlag 9,5 milliardar kroner, ifølgje Egeness. Det er rekord og slik det ser ut nett no, kan inntektene frå dette fiske blir det nest høgaste noko år.

Større kutt
Framover blir kutta større, og for 2025 er signala frå havforskarane at torskekvota for norske fiskarar ikkje bør fisket meir enn 200 tusen tonn.

Ved starten av året er prisen for fersk hovudkappa torsk (der innvollane er tatt ut og hovudet kappa av ) på 44 kroner kroner kiloen, seier Egeness.

Skal dei samla inntektene oppretthaldast på dagens nivå sjølv om det blir fiska mindre må prisen opp i 55-60 kroner kiloen, anslår han.

Det vil dempe etterspørselen hos ein del kundar.

Då må salet rettast mot dei best betalande marknadane, som skrei til Europa, loins (dei beste stykka) til Frankrike, tørrfisk til Italia, klippfisk til Portugal og fish og chips-marknaden i Storbritannia.

Valutaeffekten borte
I åra 2004-2022 har etterspørselen etter torsk målt i fangstverdi, auka med seks prosent årleg. Størst var den årlege veksten i åra 2009-2017, med 11 prosent.

Etterspørselen vart drive opp av at finanskrisa slapp taket, nye produkt vart utvikla, meir restråstoff vart utnytta og valutkursutviklinga var gunstig.

Veksttakta har gått ned. Sidan 2019 har den årlege etterspørselsveksten berre vore ein prosent i året.

Egeness trur det er fare for at valutaeffekten framover kan bli negativ for fiskerinæringa. Det betyr at vekslingskursen mellom norske kroner og utanlandsk valuta vil gjere norsk sjømat dyrare i utlandet.

Publisert: 12.01.2023 12:36

Sist oppdatert: 12.01.2023 13:08

Mer om