Siste i serie på seks
Havyard Leirvik leverte brønnbåt i Havtrans-serien, og verftet satsar no mest på ombygging og reparasjonar.
Skipet Åsværfjord som blei levert torsdag går inn i teneste for Frøy. Den 85 meter lange brønnbåten har ein kapasitet på 3.250 kubikkmeter fordelt på tre runde tankar.
Havyard opplyser i ei pressemelding at dei runde tankane gjer at båten kan frakte meir fisk samtidig som fiskevelferda aukar med rolegare fisk og høgare overlevingsgrad. I tillegg er skrogforma slik at båten går lett og kuttar både utslepp og kostnader til drivstoff.
- Etter planen
Prosjektleiar Håkon Bosdal opplyser at båten er levert etter planen.
- Dei som har vore med i prosjektet har gjort ein kjempeinnsats. Ikke minst vil eg framheve oppstarten av systemet for fiskehandtering. Der har det gått fortare enn vanleg, og det er godt gjort for slike avanserte og samansette system, seier han.
Innebygd dokk
Verftet skal no inn i ein fase der det vert satsa på ombyggingsoppdrag og reparasjonar.
Verftsdirektør Tor Leif Mongstad viser i pressemeldinga til at verftet har innebygd dokk som gjer at ein kan gjennomføre tradisjonelt sommararbeid også om vinteren.
- Verftet har rett bemanning og kan utføre ulike typar oppdrag av reparasjonar, vedlikehald og ombygging.
Publisert: 04.11.2021 14:40
Sist oppdatert: 04.11.2021 17:00