Havyard Leirvik foto Havnevik
OMLEGGING: Havyard-verftet i Leirvik ved Sognefjorden hadde fire skip under bygging ved årskifet. Når dei er leverert skal verftet konserntrere seg om ombygging- og vedlikehaldsmarknaden. Foto: Havnevik
Nytt

Framleis minus på skipsbygging

Tida som nybyggingsverft er snart over.

03.05.2021

Når Havyard Leirvik har levert dei fire skipa veftet hadde i ordreboka ved årsskiftet er det slutt på nybygging av skip i Hyllestad i Sogn, i alle fall i denne omgang.

Tapa på skipsbygging er kraftig redusert, men skipsbygginga går framleis i minus, viser årsrapporten til børsnoterte Havyard Group for 2020. Driftsinntektene frå skipsbygging var 1,9 milliardar kroner i 2020, og resultatet før skatt var minus 19,1 millionar kroner.

Les børsmelding her

Nytt selskap
Årsrapporten for 2020 er den siste frå "gamle" Havyard Group.

Tidlegare i år blei Havyard-konsernet både refinansiert og reorganisert, etter å ha slite med store tap frå skipsbygging.

Med unntak av skipsbyggingverksemda, blei andre datterselskap skilt ut i Hav Group - som deretter blei børsnotert.

Havyard Group er no største aksjonær i Hav Group, i tillegg til å vere eigar av verftet i Leirvik i Sogn.

En svak marknad, kombinerte med krisa verftet har vore gjennom gjer at verftet heretter skal konsentrere seg om ombygging, reparasjon og vedlikehald.

Grøn profil
Det er dei tidlegare datterselskapa Havyard Hydrogen, Havyard Design & Solutions, Norwegian Electric Systems og Norwegian Greentech, som er samla i Hav Group.

Hav Group profilerer seg som eit selskap med miljøvenleg teknologi.

Havyard Hydrogen teiknar og set saman anlegg for å bruke hydrogen som drivstoff ombord i skip. Skipsdesignverksemda er samla i Havyard Design & Solutions, Norwegian Electric Systems lagar skipselektrosystem og -design, medan Norwegian Greentech lagar reinseanlegg for ballastvatn.

Havyard Group ASA (konsern)
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekter2210,92388,9
Driftsresultat74,9-367,6
Resultat før skatt63,2-442,2

Publisert: 03.05.2021 10:54

Sist oppdatert: 03.05.2021 10:55

Mer om