Hermit prosper storm foto kjetil 11
MOLTUSTRANDA: Hermitage-skip i opplag på Moltustranda, men no har Remøy Shipping alle sine skip ute i marknaden. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Siste PSV-en ut av opplag

Remøy Shipping tek nytt skip ut i marknaden.

Marius Rosbach
04.05.2021

Forsyningsskipet Hermit Fighter er tysdag teke ut av opplag på Moltustranda. Dermed er den siste psv-en Remøy Shipping har management på, ute av opplag for sesongen.

– Vi har til hensikt å køyre den inn i marknaden og då vil søke korte og lange kontraktar i ei setting der vi kan maksimere inntektene, stadfestar Karl-Johan Bakken i Remøy Shipping til NETT NO.

Tysdag midt på dagen låg skipet til kai ved Mjølstadneset, ifølgje AIS-sporinga (ekstern lenke)

Vi har hatt skip i vinteropplag dei siste åra, men lukkast ganske godt med oppdrag i sesongen
Karl-Johan Bakken

– Båtane er populære
Reiarlaget har driftsansvaret for åtte skip, der fleire har norsk mannskap. Bakken meiner dei har klart å halde god aktivitet på skipa, marknaden teke i betraktning.

– Vi har hatt skip i vinteropplag dei siste åra, men lukkast ganske godt med oppdrag i sesongen, Båtane er populære og vi greier å sysselsette dei, i ein marknad som er ganske svak, påpeiker han.

Hermit Fighter segler under internasjonalt flagg, som betyr at det ikkje er fleire lokale sjøfolk som kjem i jobb som følgje av at skipet i første omgang no går ut i spotmarknaden.

Eigd av DNB og SEB
Hermit Fighter er ein del av ein flåte som først vart kjøpt av Herbjørn Hansson og Nordic American Offshore (NAO), men seinare vart selde til Hermitage Offshore, som var børsnotert i New York.

I fjor haust tok långivarane DNB og SEB over PSV-flåten. Eigarskapen er lagt inn i selskapet Pearl Bidco. To av dei til saman ti skipa blei bygd hos Vard og resten ved Ulstein Verft.

Publisert: 04.05.2021 12:26

Sist oppdatert: 04.05.2021 12:49

Mer om