Folkemote Horisont Heroy formuesskatt aug 22 aug foto Ogne
FULLT HUS: Fredag 22. august blir det arrangert eit folkemøte om formuesskatten i Horisont-bygget i Herøy. 220 personer har møtt opp, og arrangøren stilte med parkeringsvakt for å ordne trafikken.Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Fullt hus på folkemøte om formuesskatt

Politikarar og ekspertpanel var samla i Herøy.

20.08.2025
  • Oppdatert: Folkemøtet er over. Sjå opptak under (du kan spole fram og tilbake som du ønsker)

Ein rekke av landets fremste ekspertar kjem fredag 22. august til eit folkemøte om formuesskatten ved Horisont-bygget i Herøy. 

Nett No sender direkte frå møtet som startar kl. 17. Sendinga kan du sjå her i denne artikkelen.

Saka held fram under videovinduet

Primus motor for arrangementet er Lars Oscar Øvstegård som har saksøkt staten for å fjerne formuesskatt på arbeidande kapital. 

I Herøy kjem fleire av Øvstegård sine støttespelarar, mellom anna advokat Jan Magne Langseth, som skal føre søksmålet for retten. 

Til folkemøte kjem også professor Ole Gjems-Onstad, professor Ola Grytten, sjeføkonom Elisabeth Holvik og førsteamanuensis  Glenn Agung Hole, for å halde innlegg. 

Arrangørane opplyser at dei inviterer til dialog, debatt og handling. 

Bakgrunnen for møtet er mellom anna bodskapen frå Arbeidarpartiet, SV og Raudt om at det ikkje er fagleg tyngde for å seie at formuesskatten på arbeidande kapital er øydeleggande for norsk lokalt eigarskap.

Denne kvelden får politikarane sjansen til å møte ein rekke fagpersonar som vil seie si meining om temaet. 

I tillegg til ein rekke politikartoppar frå borgarleg side, kjem stortingspolitikar Åse Kristin Ask Bakke frå Arbeidarpartiet og Line Karlsvik som toppar SV-lista i Møre og Romsdal til valet.

Publisert: 20.08.2025 12:00

Sist oppdatert: 23.08.2025 00:45

Mer om