Schenker Ekornes Autobarge 250 copyright Naval Dynamics 2 Sykkylven
NYVINNING: Går utviklingsarbeidet som skal blir dette skipet på sjå i rute mellom Sykkylven og Ålesund om nokre år. Illustrasjon: Kongsberg Gruppen
Nytt

Autonome containerskip Sykkylven- Ålesund

Skal hente møblar på Ekornes-kaia og levere til kontainerhamna i Ålesund. Sjå video av prosjektet.

05.05.2022

Ekornes, Kongsberg Gruppen, DB Schenker, Massterly og Naval Dynamics har gått saman for å utvikle og sette i drift eit sjølvstyrt og fjernkontrollert kontainerskip, eit såkalla autonomt fartøy.

Det er DB Schenker som står i spissen for prosjektet.

Sjå video av prosjektet:

Prosjektet vart presentert i Oslo torsdag.

Skipet skal hente kontainar med Ekornesmøblar på kaia til Ekornes sitt hovudanlegg i Sykkylven og frakte dei til kontainarhamna i Ålesund for transport ut i verda.

Det skal gå på batteri, ha plass til ni kontainarar ombord og gå ruta tre gangar dagleg.

Auka sal og produksjon har gjort det trangt på kaia hos Ekornes, der det i dag kjem skip annankvar dag. Den nye løysinga vil både vere meir fleksible og gjere at Ekornes slepp at kontainarane hopar seg opp før utskiping, seier Ekornessjef Roger Lunde til NETT NO.

Skipet blir bygd for å kunne gå gjennom Vegsundet og under Steinvågbrua i Ålesund og fram til kontainerhamna på Flatholmen i Ålesund.

Ein rekke deltakrar
Samarbeidspartnarane bak i prosjektet har felles interesser:

  • Ekornes satsar på meir bruk av skipstransport for å redusere transportkostnadar og transportutslepp.
  • Kongsberg Gruppen utviklar skip og teknologi for autonom drift.
  • DB Schenker er eit transport- og logistikkselskap
  • Massterly er eit samarbeidsselskap mellom Kongsberg Gruppen og Wilhelmsen som skal drive autonome skip - mellom dei Yara Birkeland og Asko/Norgesgruppen sin skip som skal krysse Oslofjorden.
  • Naval Dynamics er eit skipsdesignselskap. Selskapet har designa fartøya som skal frakte varer for Asko/Norgesgruppen.

Fartøyet skal bli 50 meter langt, og skal frakte ei last på 300 dødvekttonn. Planlagt marsjfart er 7,7 knop.

Målet er at fartøyet skal segle utan mannskap, men vere overvaka av Massterlys Remote Operation Center (ROC) som er bemanna av sertifiserte navigatørar og marineingeniørar, heiter det i ei pressemelding.

Publisert: 05.05.2022 11:16

Sist oppdatert: 05.05.2022 15:48

Mer om