- Ja, responsen har vore god. Vi har alt tilsett ein person, seier Hole.
Det var 6. august at Hole på sin eigen Facebook-profil opplyste om at selskapet treng fleire tilsette, inkludert to sveisarar/platearbeidarar med omgåande tilsetjing.
- Då losna det, seier Hole. Han fekk fleire tips, og eitt har ført til tilsetjing av ein person.
- Dette er ein kar frå Polen som har god erfaring innanfor sveising og platearbeid, men som flyttar til Stranda med familien og ønskjer å arbeide hos oss.
- Ja, honoraret er vel fortent, seier Hole.
Totalt har bedrifta ni tilsette, men har aukande oppdragsmengde. Hole seier at det har vore svært vanskeleg å få tak i dyktige fagarbeidarar.
- Det er stor konkurranse om arbeidskrafta i Stranda, og det er fleire som slit med same problema som oss.
Dagleg leiar Terje Berge seier at det er svært vanskeleg å rekruttere nye tilsette.
- Vi søkte etter sveisar/produktutviklar før ferien, men det var null respons.
- Her er rett og slett ikkje folk å få tak i.
- I dag køyrer vi med mykje overtid, men det er ikkje slik vi kan drive på over tid.
Berge etterlyser meir satsing på praktiske yrkesretta fag.
- Ja, det ser ut som om det er dei teoretiske daga som er i vinden, men det er framleis slik i Noreg at det trengst arbeidarar som ikkje treng å gå på skule til dei passerer 25 og i tillegg toler å verte litt skitne på fingrane.
- Vi auka lønene ved årsskiftet, og tok ei ny justering 1. august.
- Vi toler det, men vi kan ikkje halde på slik i mange år.
Det var 6. august at Hole på sin eigen Facebook-profil opplyste om at selskapet treng fleire tilsette, inkludert to sveisarar/platearbeidarar med omgåande tilsetjing.
Fekk napp
Men ikkje nok med det; Hole lova 10.000 kroner i tipshonorar til dei som kom med tips om personar som tok jobben.- Då losna det, seier Hole. Han fekk fleire tips, og eitt har ført til tilsetjing av ein person.
- Dette er ein kar frå Polen som har god erfaring innanfor sveising og platearbeid, men som flyttar til Stranda med familien og ønskjer å arbeide hos oss.
- Vel fortent honorar
Tipsaren får snart honoraret sitt, så fort prøvetida er bestått.- Ja, honoraret er vel fortent, seier Hole.
Totalt har bedrifta ni tilsette, men har aukande oppdragsmengde. Hole seier at det har vore svært vanskeleg å få tak i dyktige fagarbeidarar.
- Det er stor konkurranse om arbeidskrafta i Stranda, og det er fleire som slit med same problema som oss.
Null respons på annonser
Ei anna bedrift som også jaktar fleire tilsette er Galvano.Dagleg leiar Terje Berge seier at det er svært vanskeleg å rekruttere nye tilsette.
- Vi søkte etter sveisar/produktutviklar før ferien, men det var null respons.
- Her er rett og slett ikkje folk å få tak i.
Mykje overtid
Galvano har 18 tilsette, men også her aukar oppdragsmengda, og det er behov for fleire tilsette.- I dag køyrer vi med mykje overtid, men det er ikkje slik vi kan drive på over tid.
Berge etterlyser meir satsing på praktiske yrkesretta fag.
- Ja, det ser ut som om det er dei teoretiske daga som er i vinden, men det er framleis slik i Noreg at det trengst arbeidarar som ikkje treng å gå på skule til dei passerer 25 og i tillegg toler å verte litt skitne på fingrane.
Auka lønene
Han seier at kampen om arbeidarane har ført til at også lønene går opp.- Vi auka lønene ved årsskiftet, og tok ei ny justering 1. august.
- Vi toler det, men vi kan ikkje halde på slik i mange år.
Det er stor konkurranse om arbeidskrafta i Stranda, og det er fleire som slit med same problema som oss.
Publisert: 27.08.2019 14:06
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38