Nytt

Skal bruke lakseprotein til vektkontroll

Hofseth Biocare skal hjelpe engelskmenn til å halde vekta.

24.08.2015
Hofseth Biocare opplyser i ei at selskapet har inngått ein treårig avtale for levering av hydolyserte lakseprotein med selskapet Fraser Cameron Healthcare.
Produktet skal brukast i eit nytt produkt for vektkontroll i Storbritannia.

24 millionar kroner

Avtalen er inngått via Aceto lIngedients, som er Hoftseh Biocare sin distributør.
Første leveranse skal skje i andre kvartal 2015, og selskapet opplyser at verdien for dei tre åra er på 24 millionar kroner.

Ser på EU

Salsdirektør Ole Arne Eiksund i Hofseth Biocare seier i børsmeldinga at distributøren Aceto Health Ingedients har arbeidd med Hofseth-proteinet i dei fleste EU-land.
No ser ein dei første effektene av samarbeidet.
- Det er vi veldig glade for, seier Eiksund.
Han opplyser at studier viser at selskapet sitt hydrolyserte protein har svært gode eigenskapar til vektkontroll- og reduksjon.
Fraser Cameron Healtcare er eit britiskbasert helseføretak fokusert på å utvikle effektive og klinisk beviste helseprodukt, vert det opplyst i børsmeldinga.
Avtalen førte ikkje til Hofseth Biocare-jubel på børsen. På ein blytung børsdag fall aksjen med 13,7 prosent.

Publisert: 24.08.2015 17:35

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:46