Per Magne Grøndahl Norsk Sjømat foto Ogne
BETRE I ÅR: I fjor gjekk det bra og i år går det enda betre for Per Magne Grøndahl og Bjarte Tunold i Norsk Sjømat og Nergård Holding-konsernet. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Skal byggje smoltanlegg i Stordal

Tidleg neste år kan det blir byggjestart for Norsk Sjømat-konsernet sitt storsmolt-anlegg i Stordal.

15.10.2021

Arbeidet med å planlegg anlegget er i gang, og i løpet av få veker kan invitasjonen til å konkurrere om byggjeoppdraget vere på veg ut til entreprenørane.

- Vi har bestemt i styret at vi skal byggje ut Stordalanlegget, seier leiar for Norsk Sjømat og Nergård Holding-konsernet, Per Magne Grøndahl.

Utbyggjinga skal skje i regi av eit selskap som Norsk Sjømat (2/3) og lakseavlselskapet Aquagen (1/3) eig saman. Investeringa blir på mellom 300 og 400 millionar kroner, seier Grøndahl.

Byggjestart kan bli tidleg i 2022.

Tek over møbeltomt
Anlegget skal bli eit såkalla RAS-anlegg, der vatnet blir resirkulert.

Planen er å la fisken vekse opp til 600-700 gram før den blir sett ut i anlegg i sjøen, noko som mellom anna betyr at den i siste fasen på land skal leve i saltvatn. En fisk som er 600-700 gram treng omlag eitt år i sjøen får den har nådd slaktevekt.

Anlegget skal ligge på tomta der fabrikkbygget til selskapet Helland Møbler ligg i dag.

Har konsesjonar
Norsk Sjømat har ein oppdrettkonsesjon i sjø som i dag blir driven på Nordmøre i samarbeid med Salmar. Selskapet har og ein visningskonsesjon og ønskjer å plassere oppdrettsanlegg i Storfjorden.

Aquagen har og eigne konsesjonar. Avgjerda om å bygge storsmoltanlegget er teken uavhengig av om Norsk Sjømat får etablerer oppdrettsanlegg i Storfjorden, i følgje Grøndahl.

Godt år
Norsk Sjømat og Neregård Holding-konsernet er eigd av Per Magne Grøndahl og Bjarte Tunold. Det omfattar fiske-vidareforedlingsverksemd på Stranda og i Nord-Noreg og majoritetseigarskapet i fiskeri- og fiskindustriselskapet Nergård.

I fjor trekte tapte inntekter på grunn av at fiskebåtar var til reparasjon ned resultatet. I år blir det betre ifølgje Grøndahl, først og fremst fordi båtane har kunne fiske utan verkstadopphald, men og fordi restaurant- og storhushaldningsmarknaden er på veg tilbake etter koronapandemien.

Droppa børsnotering
I fjor avlyste konsernet planane om børsnotering etter at interessa frå investorane ikkje var så god som venta.

Poenget med børsnoteringa og kapitalinnhentinga var å finansiere nye investeringar og også kjøpe ut det det islandske fiskeriselskapet Samherji sin aksjepost i Nergård.

Norsk Sjømat og Nergård Holding as (konsern)

Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekt4432,33963,5
Driftsresultat374,8365,7
Resultat før skatt

314,4

329,2

Publisert: 15.10.2021 06:00

Sist oppdatert: 15.10.2021 06:25

Mer om