Godt aar for Groendahl og Tunold
GOD BUTIKK: Per Magne Grøndahl og Bjarte Tunold eigd Norsk Sjømat-konsernet 50/50. Konsernet sysselsette over 500 årsverk i fjor, mellom anna ved lakseforedlingsanlegget på Stranda der dette biletet er tatt.
Nytt

Godt år for Grøndahl og Tunold

2019 var bra og 2020 ligg an til å bli enda betre i Norsk Sjømat-konsernet.

21.09.2020
-Det var høge råstoffprisar, men vi klarte oss bra, seier konsernsjef Per Magne Grøndahl i Norsk Sjømat Holding om 2019.
Hovedverksemda i konsernet er foredling av laks i datterselskapet Norsk Sjømat Stranda og fangst og foredling av villfisk gjennom majoritetseigarskap i Nergård-konsernet. Konsernet eig og 40 prosent i Global Fish, som driv pelagisk industri (foredling av pelagiske fiskelslag som sild og makrell) og har datterselskap som videreforedlar restråastoff frå fiskeindustri.
2020 ser det ut til å bli minst like bra som 2019, seier Grøndahl.

Ventar på avklaring

Norsk Sjømat-konsernet har i fleire år arbeidd for å starte eigen oppdrettsproduksjon med utgangspunkt i Stordal. Planen er å bruke ein av dei nedlagte møbelfabrikkane til smoltanlegg og la fisken vekse vidare i anlegg i sjøen.
Norsk Sjømat fekk først nei på søknaden om såkalla utviklingskonsesjon, ei ordning som skulle stimulere til nyskapande oppdrettsteknologi. Men selskapet fekk ja til ein såkalla visningskonsesjon, som blir gitt til anlegg som viser fram for publikum korleis fiskeoppdrett foregår. Dessverre for Norsk Sjømat fekk kommunen pålegg om å lag ein ny plan for oppdrettsanlegg i fjorden, eit arbeid som kan ta eitt og eit halt til to år, ifølgje Grøndahl.
For å framskunde byggestart har Norsk Sjømat søkt om å få etablere oppdrettsanlegg i sjøen mellombels ein annan stad i fjorden. Den søknanden er til behandling i Nærings og Fiskeridepartementet.

Over 500 tilsette

Norsk Sjømat-konsernet sysselsette 509 årsverk i fjor.
Hovudkontoret er på Stranda.
Selskapet er eigd 50/50 av Bjarte Tunolds selskap Svemorka Holding og Per Mange Grøndahl selskap Per Grøndahl Holding.

Publisert: 21.09.2020 11:46

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:02