Håkon Lykkebø Strand foto Ogne
ORDFØRAR: Håkon Lykkebø Strand (Frp) er påtroppande ordførar i Ålesund. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Skal porsjonere ut politisk plan

Frp, Høgre og Ålesundlista i Ålesund er samde om ein politisk plattform. Den skal leggast fram bit for bit.

03.10.2023

17. oktober 2019 la fleirtalskoalisjonen etter kommunevalet i Ålesund, med Arbeidarpartiet i spissen, fram sin politiske plattform den ville arbeide etter i den komande fire-årsperioden.

Det detaljerte, 11 sider lange dokumentet frå 2019 kan du lese her.

Det var alliansen Ap, Sp, Krf, MDG, SV og Venstre som forhandla seg fram semje om den politiske plattformen. Dei hadde tillegg eit valteknisk samarbeid med Rødt om fordeling av verv.

Bit for bit
Med kommunestyrevalet i år skifta fleirtalet. Frp og Høgre, saman med Ålesundlista utgjer no fleirtalet i kommunestyret i Ålesund.

Håkon Lykkebø Strand (Frp) blir ny ordførar, Monica Molvær (H) blir varaordførar og Hans Kjetil Knutsen (Ålesundlista) blir leiar for planutvalet.

Lykkebø Strand seier til NETT NO at det er semje om den politiske plattformen for dei tre partia, og at dei har ein mediestrategi om å gå ut med innhaldet i fleire delar.

Om og eventuelt når, heile den politiske plattformen skal leggast fram samla, er det ikkje tatt stilling til.

Ja-kommune
Ålesund skal vere ein ja-kommune, sa Lykkebø Strand då han møtte representantar for bedrifter i oppdrettsbransjen i førre veke.

Der varsla han også at partia som utgjer det nye kommunestyrefleirtalet vil greie ut om kommune skal leige inn hjelp til å få ned tida det tek å behandle plan- og byggesøknadar i kommunen.

Då dei tre partia søndag 17. september vart samde om samarbeid og fordeling av verv sende dei ut eit pressemelding. Der sto det at ei av dei viktigast sakene for Frp har vore at det skal bli redusert eigedomsskatt og nei til bypakke to. For Høgre har vore spesielt viktig å hindre byggestopp, få ned saksbehandlingstid og satse på lavterskeltilbod for rus og psykisk helse. Ålesundlista prioriterer fleire sjukeheimsplassar og ein ny vurdering av gateterminalen i Keiser Wilhelmsgate.

Publisert: 03.10.2023 05:00

Sist oppdatert: 02.10.2023 16:40