Hydrogenselskap skal doble staben
Norwegian Hydrogen skal tilsette ti nye i haust.
To av dei nye stillingane går til datterselskap Norwegian Hydrogen har oppretta i Sverige og Danmark, medan storparten av resten av dei nye stillingane blir på hovudkontoret i Ålesund.
Det fortel Marielle Furnes Mannseth, merkevare- og berekraftleiar i selskapet.
I dag har Norwegian Hydrogen 10 tilsette.
Fabrikk på Hellesylt
Norwegian Hydrogen skal produsere, distribuere og bidra til at hydrogen blir tatt i bruk som energikjelde.
Den første fabrikken skal vere i produksjon på Hellesylt i 3. kvartal neste år.
Vil hente ein halv milliard
NETT NO skreiv i august i år at meklarselskapet ABG Sundal Collier er leigd inn for å hjelpe til med ei kapitalutviding på rundt ein halv milliard kroner. Den skal gjennomførast innan 12 månadar, sa Norwegian Hydrogen-sjef Jens Berge i august.
Emisjonsplanen blei kjent i samband med melding om at det japanske industrikonsernet Mitsui blir medeigar gjennom ein retta emisjon på 70 millionar kroner.
Mitsui-konsernet er allereie medeigar i dei børsnoterte selskapa Hexagon Composites (22,7 prosent) og Hexagon Purus (to prosent) - to selskap som begge har hatt Knut Flakk og familien som primus motor.
Flakk-familien er også største eigar i Norwegian Hydrogen, som planlegg fleire produksjon-, distribusjons- og fylleanlegg for hydrogen.
Publisert: 03.10.2022 05:00
Sist oppdatert: 15.12.2022 01:33