Storfjordsambandet foto storfjordsambandet 11
IVRAR FOR VEGSAMBAND: Forkjemparar for Storfjordsambandet samla på ferjekaia ved Magerholm. Frå venstre: Dagleg leiar Øyvind Olsen i Storfjordsambandet, Sykkylven-ordførar Odd Jostein Drotninghaug, Stranda-ordfører Jan Ove Tryggestad, Ålesund-ordførar Eva Vinje Aurdal, Ålesund-politikar Frode Andresen og nestleiar Leif-Jarle Aure i styret Storfjordsambandet og Lars Wittemann i Ekornes. Foto: Storfjordsambandet
Nytt

Skal hauste innspel om Storfjordsambandet

Ekornes er mellom næringsaktørane som håpar vegsambandet blir realisert.

Marius Rosbach
10.11.2022

Storfjordsambandet er no i full gong med å lage ein konseptvalutreiing for prosjektet som inkluderer tunnel mellom Stranda og Sykkvlen og bru over fjorden til Magerholm.

Vegsambandet vil knytte innbyggarar i kommunane Stranda, Sykkylven, Ålesund og områda rundt tettare saman. No blir det invitert til ei brei involvering i dei tre kommunane, ifølgje ei pressemelding frå Storfjordbandet.

Møre og Romsdal fylkeskommune løyvde tidlegare i år eit tilskott på 1,5 millionar kroner til vidare planlegging. Tilskottet nyttast til å delfinansiere og gjennomføre konseptvalutgreiinga.

Vil gjere vidare satsing lettare
Ekornes-konsernet er mellom dei som ivrar for bygging og deltek i arbeidet.

- Med ein betre tilrettelagt infrastruktur for logistikk av varer inn- og ut av Ekornes, og med tilgang til arbeidskraft og kompetanse frå ein større bu- og arbeidsmarknadsregion, vil det være lettare for oss i Ekornes å satse vidare på kompetansebygging, merkevarebygging og produksjon ifrå Sykkylven og på Grodås, uttaler Lars Wittemann som leiar møbelfabrikanten sitt arbeid med leverandørkjeden.

Innspelsmøter til veka
Den komande veka blir det invitert inn til innspelsmøter i prosessen både i Stranda, Sykkylven og Ålesund. Vidare skal det bli etablert ei referansegruppe og gjennomført fleire arbeidsverkstader.

Neste år blir det gjort ei høyringsrunde og analyse før det er venta at konseptvalutreiinga blir ferdig mot slutten av neste år. Rapporten skal mellom anna kartlegge og beskrive behova hos styresmakter og andre interessegrupper, og avdekke eventuelle interessekonfliktar.

Resultatet skal peike på kva konsept som er best for å nå måla som blir sett. Norconsult er leig inn som ekstern konsulent for å utarbeide rapporten i samarbeid med Storfjordsambandet.

Publisert: 10.11.2022 08:31

Sist oppdatert: 10.11.2022 08:29

Mer om