Skal kartlegge spansk stoetteordning
SKAL KARTLEGGE: Direktør Knut Sunde i Norsk Industri skal kartlegge om den spanske "tax-lease-ordninga" er eit brot på internasjonale handelsreglar og EØS-avtalen.
Nytt

Skal kartlegge spansk støtteordning

Norsk Industri vil kartlegge om Spania bryt reglane om ulovleg statstøtte etter at norske verft tapte kampen om oppdrag for over 700 millionar kroner.

21.10.2016
- Det er ikkje akkurat verdas enklaste løp, men det er berre å ta tak i det og skaffe tilstrekkleg dokumentasjon, seier direktør Knut Sunde i Norsk Industri.
Onsdag hadde Norsk Industri Martime, som er ein del av NHO-organisasjonen Norsk Industri, styremøte med konkurransevilkåra mot spanske skipsverft som tema. Det enda med at Sunde fekk jobben med å få fakta på bordet.

Sto likt

Bakgrunnen er uro i norsk verftsindustri etter at EU-domstolen gav Spania lov til å gjeninnføre den såkalla tax-lease-ordninga som skal stimulere til skipsbygging Spania.
Denne veka stadfesta styreleiar Henrik Leth i det grønlandske reiarlaget Polar Seafood at pristilboda frå norske verft låg omlag på line med tilboda frå Spania, før tax-lease-ordninga blei tatt i betraktning.

Både Polar Seafood og eit anna grønlandsk fiskeriselskap, Qajaq Trawl, valde å skrive kontrakt med spanske Freire Shipyard. Oppdraget med å bygge dei to fiskefartya, som er teikna av Rolls-Royce Marine, er på til saman over 700 millionar kroner.

Allianse mot Spania

Ei rekkje land, mellom dei Noreg, lukkast i 2013 til å få EU-kommisjonen til å forby den spanske tax-lease-ordning.
I desember i fjor konkluderte EU-domstolen med at vedtaket ikkje var gyldig, og at det ikkje var snakk om ulovleg statsstøtte. Dermed blei ordninga gjeninnført.

Ordninga gir investorane lette i formuesskatten mot at dei investerer i skip som blir bygde i Spania. Investorane eig skipa i byggeperioden og leiger dei ut ein periode etter levering, før den eigentlege kjøparen tek over.

10 prosent rabatt

Inge Bertil Straume, som er leiar for fiskebåt-avdelinga i skipsdesignselskapet Skipsteknisk, sa til NETT NO i august i år at han fryktar at den spanske ordninga vil gjere at norske verft går glipp av oppdrag dei elles ville fått. Straume anslo at subsidieeffekten av den spanske ordninga er ein rabatt på 10 prosent.
Knut Sunde vil ikkje seie noko om kor lang tid det tek før Norsk Industri meiner organisasjonen har samla nok fakta til å konkludere korleis organisasjonen skal handtere saka vidarer.
Det er to moglege alternativ som kjem ut av arbeidet, trur Sunde. Dersom arbeidet endar med at den spanske ordninga, og praktiseringa av den, er innanfor internasjonale reglar, kan Norsk Industri eventuelt vurdere ei norsk tilpassing til regelverkte. Dersom dokumentasjonen tyder på at den spanske ordninga ikkje er lovleg må norske styresmakter koblast inn og eit eventuelt arbeid med å byggje ein ny allianse mot ordinga starte.

Publisert: 21.10.2016 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:02