Jets toalett
JETS: Hareid-selskapet Jets skal levere 1168 vacuumtoalett til dei mobile toalettløysingane til Danish Scanvogn. Foto: Jets
Nytt

Skal levere 1168 festival-toalett

Hareid-selskapet Jets Group har hanka inn den største enkeltkontrakten hittil i festival- og eventmarknaden.

22.11.2021

Kontrakten er på med Danish Scanvogn, og har ein verdi på 17,6 millionar kroner.

- Verda opnar på nytt, og festivalmarknaden er tilbake, seier Frode Bakke, salssjef for mobile løysingar i Jets, i ei pressemelding.

Ordre nummer 381
Der vert det vist til at Scanvogn hadde si første bestilling frå Jets i 1983, og den siste ordren er nummer 381 i rekka, og den største hittil.

Avtalen går ut på at Jets skal levere 1168 toalett og 198 såkalla 'Vacuumarator'-pumper frå Jets. Systema skal brukast i dei mobile toalettløysingane for eventindustrien.

Har utvikla produkta
Bjarte Hauge, nestleiar for landmarknaden i Jets Group, seier at i pressemeldinga at han set stor pris på det langvarige samarbeidet med Scanvogn.

- Scanvogn har vore ein viktig kunde i mange år, og vi har utvikla både kontakten og produkta gjennom gjensidig tillit og openheit.

Hauge seier likevel at det var litt startproblem.

- Men vi har løyst desse, og har bevist at Jets si vacuumløysing er ideell for å få ei betre eventoppleving.

Publisert: 22.11.2021 11:08

Sist oppdatert: 22.11.2021 12:29

Mer om