Rune stokke foto ogne
STOKKE-ARVING: I 2013 selte Rune Stokke og syskena Stokke AS til koreanske NXHM for 3,4 milliardar kroner. No investerer dei i andre selskap. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Stokke Industri majoritetseigar i Jets

Trur på stor global vekst og kjøper seg opp i Hareid-bedrifta.

Marius Rosbach
26.03.2021

Stokke Industri har kjøpt seg opp frå 39 til 73 prosent av aksjane i Jets på Hareid, ifølgje ei pressemelding fredag.

Hofseth- og Haddal-familiane som tidlegare eigde 20 prosent kvar av Jets, vil sitte att med fem prosent av aksjane kvar.

Stokke Industri er familieselskapet til Rune Stokke, Maria Loen og deira barn. I tillegg er Geir Løseth og Thomas Øybø med som partnarar.

Trur på global vekst
Stokke-selskapet gjer investeringar mellom anna eigedom og selskap, og gjekk inn i Jets i 2018. No var tida inne for å auke eigardelen.

– Vi trur selskapet har moglegheit til å gjere ein forskjell og at teknologien kan få stor utbreiing globalt utover skipssegmentet, der Jets allereie er store. Stokke Industri vil legge sin fulle kraft bak selskapet, uttalar Rune Stokke i meldinga.

Thomas Øybø som er administrerande direktør i Stokke Industri og styremedlem i Jets Vacuum, meiner bedrifta er i ei brytningstid, og vil gå frå å vere ei mellomstor bedrift til å vekse vesentleg.

(saka held fram under)

Jets montasje torlen mobil toalett foto jets 11
NYE MARKNADER: Mobile toalett er mellom nye marknader Jets-sjef Øyvind Tørlen har satsa mot som følgje av nedgangen i maritim industri. Foto: Jets Vacuum

Rekordår i 2019
Hovudverksemda til Jets er produksjon og sal av toalett med eigenutvikla vacuumteknologi.

2019 blei eit rekordår både når det kom til omsetning og lønnsemd.

Selskapet har i årevis levert toalettløysingar til skip og båtar, men har dei siste åra teke steget over i nye marknader som hytter og småhus, supermarknader, mobile sanitæranlegg og næringsbygg. Satsinga mot tog-marknnaden er lagt ned.

Sel livsverket til faren
Jets blei etablert av Olav Hofseth i 1986. Nokre år seinare, kom Kåre Audun Haddal inn og bygde selskapet vidare.

Styremedlem og eigar Hilde Hofseth uttalar at det ikkje var ei lett avgjerd å selje livsverket til faren, men at den hadde modna over tid.

Hans Haddal, som er eigar og representant for Haddal-familien, seier samarbeidet med Stokke har vore bra, og at dei trur selskapet er rett eigar til å ta Jets vidare.

Podium

E8/S1 Øyvind Tørlen og Jan Endre Vartdal om bærekraft i næringslivet

Publisert: 26.03.2021 15:06

Sist oppdatert: 02.06.2021 09:49

Mer om