Eksportsuksess ser moglegheiter på heimebane
Solid resultat frå Jets trass full koronabrems på cruise og arrangement.
Tåketrøbbel gjorde at næringsministeren aldri kom til Jets Vaccum på Hareid tysdag. Då ville ho fått vite at konsernet fekk eit solid resultat i fjor, trass i at fleire marknader svikta som følgje av koronapandemien.
– 2020 ble et nokolunde bra år for Jets, er konsernsjef Øyvind Tørlen si oppsummering av fjoråret til NETT NO.
Omsetninga på 441 millionar er kring ti prosent ned frå rekordåret 2019. Lønnsemda held seg også på eit bra nivå med eit driftsresultat på 56 millionar (sjå tabell under). Sjølv om det er dårlegare enn året i forvegen, gir det framleis ein driftsmargin på nær 14 prosent.
– Den største utfordringa var bortfallet av cruise og passasjersegmentet i den maritime marknaden, saman med eventmarknaden, legg Tørlen til.
Heilt skrapa var det likevel ikkje på cruise, og Jets sikra seg mellom anna levering til fire store luksusskip som Fincantieri skal bygge. Frykta for kanselleringar av cruiseskip har ikkje slått til. Førebels er det snakk om utsettingar.
(saka held fram under)
Jets AS (konsern) | ||
Årsresultat (i mill kr) | ||
2020 | 2019 | |
Driftsinntekter | 414 | 457,8 |
Driftsresultat | 56,4 | 70,2 |
Res. før skatt | 67 | 77,6 |
Potensiale for større heimemarknad
Hovudverksemda til Jets er produksjon og sal av toalett med eigenutvikla vacuumteknologi. Dei aller fleste Jets-toaletta seljast ute i verda. Slik sett er Hareid-selskapet ei ønskebedrift for næringsministeren, som jobbar med å finne ut korleis norsk næringsliv skal auke eksporten.
Jets-sjefen fortel at han i første rekke ville fortelje statsråden om korleis deira teknologi bidreg til ei berekraftig utvikling med mindre sløsing av vatn og meir sirkulære løysingar knytt til avløp.
Tidlegare i vår kjøpte Stokke Industri seg opp i Jets-konsernet. Dei nye majoritetseigarane varsla at dei ville legge full kraft inn i å realisere vekstpotensialet.
Det hadde vært kjekt viss norske styresmakter var like offensive som for eksempel svenske og nederlandske på dette området
Tørlen påpeiker samtidig at ein anna politikk kunne gitt toalettprodusenten fleire bein å stå på.
– Det hadde vært kjekt viss norske styresmakter var like offensive som for eksempel svenske og nederlandske på dette området. Da hadde vi hatt ein heimemarknad der vi kunne demonstrert styrken i å tenke berekraft rundt vatn og avløp gjennom innovative løysningar, fortel han.
Eit døme på kva Jets-sjefen ser føre seg, er byfornyingsprosjektet H+ i Helsingborg, der det blir nytta vakuumteknologi i bustadbygging for å samle toalettvatnet og nytte ressursane.
E8/S1 Øyvind Tørlen og Jan Endre Vartdal om bærekraft i næringslivet
Har auka ordreinngangen i år
Jets har i årevis levert toalettløysingar til skip og båtar, men har dei siste åra teke steget over i nye marknader som hytter og småhus, supermarknader, mobile sanitæranlegg og næringsbygg.
– Dei fem første månadene av 2021 har vore rimeleg gode. Vi har hatt ei auka i ordreinngangen på ti prosent samanlikna med same periode i fjor, fortel Tørlen om året så langt.
Framleis er det laber aktivitet innan cruise og passasjerskipsmarknaden, som spesielt råkar salet av reservedelar.
– Det blir jobba hardt og godt i alle delar av Jets, trass lange periodar med heimekontor i ei spesiell tid. Slik eg vurderer det no, vil 2021 totalt sett bli eit godt år for Jets, opplyser Tørlen.
Dei fem første månadene av 2021 har vore rimeleg gode
Nybø har blitt inspirert av naboland
Metodane fleire av våre naboland nyttar, har vore trekt fram som eksempel til etterfølging i innspela næringsministeren har fått tidlegare i arbeidet med eksportstrategien. Det er blitt peika på at dei er meir aktive og satsar bevisst på næringar der dei allereie er sterke.
– Vi har absolutt latt oss inspirere av dei. Samtidig veit vi at dei følgjer spent med på kva vi gjer med den nye eksportstrategien, sa næringsminister Iselin Nybø til NETT NO då ho tysdag kom med nyheita om det nye Eksportstrategirådet som blir lagt til Ålesund.
Nybø har kontakt med sine nordiske kollegaer og fortel at ho vil jobbe saman med dei framover.
– Ein ting er at vi i Norge skal eksportere til verda, men vi er også ein interessant marknad for bedrifter i Norden og Skandinavia, påpeika ho.
Publisert: 02.06.2021 13:46
Sist oppdatert: 02.06.2021 14:25