Brunvoll Nexans Ulstein Skipsteknisk AUP115 Azimuth DP 01 1
Slik skal skipet etter planane sjå ut. Foto: Skipsteknisk AS
Nytt

Skal levere til nytt Nexans-skip

Brunvoll med ny Ulstein-kontrakt.

Ulstein Verft fekk i september eit nytt oppdrag frå Nexans Marine Operations AS om å bygge ein ny og oppdatert versjon av fartøyet MS Nexans Aurora.

No har Ulstein inngått avtale med Brunvoll om at skipet skal innhalde deira framdrift- og manøvreringssystem, som også det forrige MS Nexans Aurora-skipet inneheldt.

– Vi i Brunvoll er ivrige etter å dele denne nyheita, heiter det i ei pressemelding frå selskapet.

Skipet MS Nexans Aurora sin funksjon vil bli vere å installere sjøkablar til kraft- og kommunikasjon mellom land, og til offshore vindparkar og andre installasjonar utanfor kysten.

Ingen oppgradering

Leveransen til Brunvoll vil ha same innhaldet som til forrige Nexans-skip.

Dette inkluderte tre azimuth-framtidseiningar, to tunnel-thrusterar, og ein opptrekkbar azimuth-thruster. Desse vil vere kopla saman i eit kontrollsystem som blir kalla BruCon PTC.

Pakken er planlagt å bli levert i 2. kvartal 2024, medan skipet skal vere operativt frå 2026.

Skipet er designa av Ålesund-baserte Skipsteknisk AS.

Publisert: 17.10.2023 09:26

Sist oppdatert: 17.10.2023 09:43

Mer om