Skal overvake Kvitbjoern og Kvitnos fraa land
AVTALE: Frakteskipet Kvitbjørn og søsterskipet Kvitnos vert første med fjernstyrt serviceavtale med Rolls-Royce. Her frå grunnstøytinga til Kvitbjørn i Ulstein i juni 2015.
Nytt

Skal overvake Kvitbjørn og Kvitnos frå land

Nor-Lines og Rolls-Royce signerer 'power by the hour'-avtale og overvakar søsterskipa Kvitbjørn og Kvitnos frå eit servicesenter på land.

24.05.2017
'Power by the hour' er ei ny teneste frå marinedivisjonen til Rolls-Royce, og kontrakten med Nor Lines er den første av sitt slag, opplyser Rolls-Royce i ei pressemelding onsdag.
Les her:
Dei 120 meter lange frakteskipa Kvitbjørn og Kvitnos har fått fleire sensorar om bord og dermed kan motor og anna skipsutstyr overvåkast frå land. I tillegg kan service planleggeast betre og nokre reperasjonar kan gjerast ved å kople seg opp til skipet frå land.
Rolls-Royce opplyser at i praksis betyr avtalen at Nor Lines overfører ansvar for service-planlegging og drift frå reiarlaget tilbake til leverandøren av utstyret, Rolls-Royce.

Lærer av flymarknaden

Nor Lines betaler ein fast kostnad per driftstime per skip. I tillegg til å overvake skipsutstyrer frå land ved hjelp av sensorer om bord, vil ein yte service både gjennom fjernservice og ved å sende serviceingeniørar om bord.
Den nye tenesta haustar erfaring frå tilsvarande avtalar som konsernet Rolls-Royce i flere år har hatt i flymarknaden.
– Kort sagt så gir avtalen oss ei forsikring mot nedetid på grunn av feil på utstyr. Samtidig sikrar avtalen at utstyret frå Rolls-Royce om bord gjer jobben sin så optimalt som muleg, seier Sigvald Breivik, administrerande direktør i Nor Lines, i pressemeldinga.
Nor Lines har også bestilt Energy Management System frå Rolls-Royce. Systemet loggar energiforbruk og utsleppsnivå.
Kvitbjørn vart overlevert til Nor Lines frå det kinesiske Tsjui-verftet i 2015. Kvitbjørn var då det første av to fartøy bestilte av reiarlaget, og det første gassdrivne norske kystgodsfartøyet.

Grunnstøyting

Søsterskipet Kvitnos vart levert seinare same år.
I juni 2015 utanfor Skeide i Ulstein etter at skipet mista framdriftskrafta på grunn av at klutsjen firikopla motoren og propellakslingen.
Grunnstøytinga førde til at det vart gjort endringar på Kvitnos.
Fartøya går no begge frå hamner i Europa og langs norskekysten til Hammerfest.
Skipa var også dei første kommersielle fartøya som vart bestilte med Environship-design frå Rolls-Royce.

Publisert: 24.05.2017 14:22

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:10