Skal passe paa Putin
E-SKIP: Statsminister Erna Solberg skal døype det nye etterretningsskipet Marjata ved Vard Langsten i Tomrefjord laurdag. Til høgre ligg dagens Marjata, som har vore i operativ teneste sidan 1995.
Nytt

Skal passe på Putin

Dette skipet har som sitt fremste oppdrag å iverata norske interesser i Nordområda. Nye Marjata er eit skip som ikkje Putin likar.

04.12.2014
Laurdag skal etenesta sitt nye etterretningsskip døypast vd Vard Langsten i Tomrefjord.
Det er knytt stor spenning til dåpen, der ei rekkje prominente gjestar stiller.
Fremst i følgjet kjem statsminister Erna Solberg. Ho vert gudmor for det nye etterretningsskipet.
På plass vert også forsvarsminister Ine Eriksen Søreide, saman med andre representantar for norsk politisk og militær leiing.

Operativt frå 2016

Generalløytnant Kjell Grandhagen, sjef for Etterretningstenesta, seier i ei pressemelding seg godt fornøgd med det nye fartøyet.
- Nye Marjata vil bli ein viktig brikke i videreføringa av E-tenesta sitt oppdrag i Nordområda og utgjer ein moderne kapasitet som skal bidra til å sikre Norges informasjonsbehov dei neste 30 åra.
Sjølv om nye Marjata vert døypt laurdag, går det lang tid før skipet kjem i operativ drift. Det skjer ikkje før enn i 2016.
- Dåpen av Marjata er ein viktig milepæl i prosessen frem til at fartøyet kjem i operativ drift i 2016, seier Grindhagen.

126 meter

Nye Marjata er 126 meter langt og 23,5 meter brei. Dette siste skipet får ei heilt anna skogform enn dagens Marjata, som har eit strykejarn-liknande skrogform. Dette skipet hadde ei maksimal breidde på nesten 40 meter.
Nye Marjata er forøvrig det fjerde etterretningsskipet som ber same namnet. Nybygget skal avløyse dagens Marjata, som har vore operativt sidan 1995.

1,4 milliardar

Designet er det LMG Marin i Bergen som står for, i samarbeid med Vard og Forsvaret. Elles er det lite av opplysningar Forsvaret går ut med om øvrige detaljar om skipet.
om skipet då det i mars i år kom til Vard Langsten i Tomrefjord etter at skroget vart bygt i Romania.
Då Stortinget i 2009 vedtok bygging av nytt etterretningsskip, var prisen sett til 1,473 millionar kroner. Det er uklart kva sluttsummen vert.
Dåpen av Marjata er ein viktig milepæl i prosessen frem til at fartøyet kjem i operativ drift i 2016

Publisert: 04.12.2014 12:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:39