Skapte moeteplass for smaabedrifter
LÆRE AV KVARANDRE: Styret i Idenor; Eivind Dahl (Eivind Dahl as), Geir Boska (Boska Industriteknikk as) , Børre Waagan (Plany as), Jimmy Kieffer (Kieffer as) og Bård Kvalsund (VestCad as). 
Nytt

Skapte møteplass for småbedrifter

I fjor etablert denne gjengen ein møteplass for små og mellomstore bedrifter på Nordvestlandet.

26.11.2015
I dag har nettverk-organisasjonen Idenor si tredje samling sidan starten i fjor.
Nettverk og ein møteplass å bygge nettverk på er alfa og omega for gründarar og mindre bedrifter i følgje primus motor og initiatitivtakar Bård Kvalsund. Det handlar både om å utveksle erfaringar og å finne nye samarbeidspartnarar og kundar. Pr. i dag har Idenor passert 30 medlemer.

- Allereie etter første samlinga var det firma som fann kvarandre, seier Kvalsund.

Satsar vidt

Idenor har både privatpersonar og bedrifter som medlemar, frå ei rekkje bransjar frå bedrifter på Nordvestlandet. På første møte var det folk frå tolv kommunar.
Det er mellom anna erfaring frå 14 år som konsulent retta mot mindre og mellomstore bedrifta som gjorde at ideen om eit forum som Idenor grodde fram hos Kvalsund. Det er både eit behov for å lære og utveksle erfaringar med andre.
- Med fokus på vegen frå innovatør til entreprenør, er slagordet, seier Kvalsund.

Møtes i hos Ivar Aasen

Idenor har funne ei form på møta sine som Kvalsund er godt nøgd med:
Ivar Aasen-senteret i Hovdebygda i Ørsta er fast møteplass. Alle møte startar med eit kulturelt innslag - i dag med musikarane Venke Vartdal Leite og Frank Utgård - før det er foredrag - i dag med korleis klare seg i ein sviktande marknad som tema - og bedriftspresentasjonar, og middag til slutt.
Tid til å prate er ein viktig del av samlingane.
- Kanskje det viktigaste er at folk møtes og snakkar i lag, seier Kvalsund.
Allereie etter første samlinga var det firma som fann kvarandre

Publisert: 26.11.2015 15:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:50