Slik ser dei foere seg gruvedrifta paa havbotnen
UTVINNING FRÅ PRODUKSJONSSKIP: Lars Eirik Nicolaisen (innfelt) frå Rystad Energy presenterte rapporten om næringa som kan gi store moglegheiter for norsk industri. 
Nytt

Slik ser dei føre seg gruvedrifta på havbotnen

Om dei mest optimistiske anslaga for den nye næringa slår til, trengst fleirfaldige milliardar med maritimt utstyr.

Marius Rosbach
04.12.2020

Mineraljakt på havbotnen blir av mange rekna som eit av dei mest lovande nye industrinæringane for Norge i framtida. Det vil vere aukande behov for metall og mineral i åra framover, til alt frå batteriteknologi, vindturbinar og mobiltelefonar.

I ein rapport frå Rystad Energy blei det nyleg anslått at utvinning av mineral frå havbotnen kan gi grunnlag for ei næring med ein årleg omsetning på nær 180 milliardar kroner i løpet av dei neste tiåra.

Til samanlikning anslo ein nyleg rapport om moglegheitene i havvindindustrien, ei omsetning i den næringa på 85 milliardar innan 2050.

- Framleis i ein tidleg fase

Det mest optimistiske anslaga for sysselsettinga frå mineralutvinning, tilseier samtidig at det kan bli skapt meir enn 20.000 nye jobbar i denne næringa her til lands.

Då Lars Eirik Nicolaisen frå Rystad Energy presenterte på eit webinar torsdag, påpeika han at det er stor usikkerheit kring anslaga deira.

- Vi er framleis i ein tidleg fase og treng mykje meir kunnskap både om ressursane og kostnadene ved å bygge ut, fortalde han.

Rapporten konkluderer med at det ligg betydelege moglegheiter for eksport i næringa, om Norge er tidleg ute med å utvikle teknologien.

Om industrieventyret blir ein realitet, ser rapportskrivarane føre seg at det også er behov for betydelege leveransar frå den maritime industrien.

Utvinning med produksjonsfartøy

Nicolaisen fortalde at dei ser føre seg at utvinninga skjer ved eit produksjonsfartøy som ligg i ro ved mineralfeltet. Førekomstane vil truleg kunne sankast direkte frå havbotnen og difor vil det ikkje vere behov for boring.


Ein form for undervassfarkost eller køyretøy vil samle mineralane som blir pumpa opp til produksjonsskipet. Her vil det vere avgrensa lastekapasitet og eit frakteskip vil hente mineralane til eksempel ein gong i veka.

I rapporten blir det anslått at prisen til utstyret som trengst til eit typisk prosjekt vil vere på 5-6 milliardar kroner.

Det inkluderer produksjonsskip med tilhøyrande utstyr på dekk, det undersjøiske gruveutstyret og systemet for å føre mineralane opp frå havbotnen. Rystad anslår at det kan vere potensiale for å drive mellom 10 og 75 prosjekt i norske havområde dei neste tiåra.

Norge og Fiji har størst ressursar

Kartleggingar har påvist at det er mykje mineralførekomstar på havbotnen i området ved Mohnsrygg, ein vulkansk midthavsrygg som skil to jordskorpeplater, og bassenget i Norskehavet frå Grønlandshavet i nord.

Rystad peiker på at Norge igjen kan ha skote «gullfuglen» når det kjem til tilgang på ei naturleg råvare. Av 64 rangerte land i verda, er det berre øystaten Fiji som ser ut til å ha større ressursar enn Norge.

I motsetning til dømes vindkraft, viser Rystad-rapporten til at mineralutvinning vil vere lønnsamt utan noko form for subsidiering, eller statleg draghjelp.

Må undersøke miljøpåverknad

Det er stilt spørsmål både ved miljøpåverknaden ved mineralutvinning på havbotnen, og forholdet til fiskeri. Lars Eirik Nicolaisen frå Rystad Energy påpeika under webinaret at slike forhold må undersøkast nærare.

- Men vi meiner miljøpåverknaden er låg samanlikna med gruvedrift på land, la han til.

Greenpeace Norge-leiar Frode Pleym ga uttrykk for at han var skeptisk til slik gruvedrift då han var i Ålesund tidlegare i år, og foreslå å beskytte 30 posent av verdas havområde, mellom anna mot slik verksemd.

Har gitt arbeid på Nordvestlandet

Gruvedrift på havbotnen har allereie gitt fleire oppdrag for den maritime klynga på Nordvestlandet. Mellom anna designa Marin Teknikk i Herøy diamantbåten Nujoma som blei bygd ved Kleven.

I haust blei reiarlaget for å bore etter kjerneprøver for Oljedirektoratet (OD) og operatøren TIOS. Analysane av desse prøvene er ikkje gjort offentleg enno, men det blei gjort funn av fleire sulfidforekomstar som ikkje var kjent frå før.

Dette har vore vist til som eit godt døme på korleis kunnskap frå olje- og gassindustrien kan nyttast på andre område. Lars Eirik Nicolaisen frå Rystad Energy åtvara samtidig om at ein ikkje burde vente for lenge.

- Det er eit spørsmål om kor lenge vi klarer å halde på kompetansen i olje- og gassektoren, påpeika han.

 Vi er framleis i ein tidleg fase og treng mykje meir kunnskap både om ressursane og kostnadene ved å bygge ut

Publisert: 04.12.2020 05:55

Sist oppdatert: 14.04.2021 09:02

Mer om