Skatteetaten avdekte snusk med firmahytter
Nytt

Skatteetaten avdekte snusk med firmahytter

I ein landsomfattande kontroll av firmahytter har Skatteetaten fastslått at 41 firmaeigarar har kjøpt fritidseigedom til privat bruk, men på rekninga til selskapet. 

31.03.2015
(NPK-NTB):Skatteetaten krev no betalt tilbake skatt for investeringar på til saman 80 millionar kroner, skriv .
– Når aksjonæren, kona og barna hans har årskort i heisanlegget, kan det vere ein indikator på at hytta ikkje er kjøpt for utleige, seier regiondirektør Nina Schanke Funnemark i Skatt sør til avisa.
Det er nettopp profesjonell utleige som kan vere ein gyldig grunn til å investere i ei hytte på rekninga til firmaet. Men Funnemark seier dei sjeldan finn utleigeinntekter i selskapa dei granskar.

Kan verte fleire saker

Det kan også vere lov å investere i hytte på rekninga til firmaet dersom ei rekke krav er oppfylte, blant anna at minst ti tilsette i bedrifta har disposisjonsrett.
I den største enkeltsaka er det over 20 millionar kroner som må skattleggjast. Kontrollane er enno ikkje avslutta, og det kan bli endå fleire saker, seier Funnemark.
– Det er både hytter med stor og liten verdi, ved fjell og sjø, og i alle delar av landet – og utanlands, seier Funnemark.
Det er både hytter med stor og liten verdi, ved fjell og sjø

Publisert: 31.03.2015 09:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:43