Skattetap for Island Offshore
ANKAR: Morten Ulstein (t.v) og Håvard Ulstein (nr. to frå høgre) feirar dobbeldåp for Island Offshore i fjor haust. No har ankar dei skattetvist til lagmannrettet.
Nytt

Skattetap for Island Offshore

Island Offshore tapte første runde i striden med Sentralskattekontoret for storbedrifter. Ankar til langmannsretten.

23.03.2015
- Saka er vesentleg for oss. Den vil påverke skattlegginga av selskapet for all framtid, sa viseadministrerande direktør Tommy Valaunet i Island Offshore Management då NETT NO skreiv om tvisten i november 2014.

No har Island Offshore tapt første runde, i Sunnmøre tingrett.

Oppfyller ikkje krav

Striden står om det skipseigande selskapet Island Offshore XII Ship as kjem inn under reglane for reiarlagskattlegging. Selskap som kjem inn under ordninga betaler ikkje vanleg skatt på overskotet, men ei avgift knytt til tonnasjen i reiarlaget. Dessutan slepp dei skatt på ein eventuell gevinst, dersom skipet eller skipa i selskapet blir selde.
Isolert sett er dette attraktive vilkår å bli omfatta av, men Island Offshore XII Ship as fekk ikkje vere med - og gjekk til sak.
Valaunet seier reiarlaget vil anke til lagmannsretten etter nederlaget i tingretten.

Rigg-aksjar skapte trøbbel

Island Offshore XII Ship as vart omdanna frå eit kommandittselskap til eit aksjeselskap i 2009, og kravde å bli likna under reglane for reiarlagskattelegging frå og med 2009.
Det ville ikke Sentralskattekontoret gå med på, blant anna fordi selskapet eigde obligasjonar i Maracc (som no heiter Island Drilling). I 2010 vart obligasjonane omgjort til aksjar i samband med ei refinansiering i Maracc.
Eit selskap som kvalifiserer til å kome inn under reiarlagskattlegginga kan ikkje eige slike obligasjonar/aksjar. Og sjølv om aksjane - som var verdsett til 1,6 millionar kroner - vart selde då selskapet vart gjort merksame på forholdet i 2013, så er det for seint, meiner skattestyresmaktene.

Argumenterte forgjeves

Island Offshore argumenterte i retten mellom anna for at å stenge Island Offshore XII Ship as, som eig to skip og har eitt under bygging, vil vere i strid med Stortinget sitt ønskje om å bruke reiarlagskatteordninga som eit tiltak for å støtte opp under konkurranseevna til norske reiarlag.
Dessuten meinte selskapet at verdien av obligasjonane/aksjane i Maracc var så utbetydleg for selskapet at eigerskapet ikkje burde leggast vekt på.


Publisert: 23.03.2015 16:18

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:42