Klarsignal for standariserte skip til Forsvaret
- Dette er vi glade for å høyre, seier kommunikasjonssjefen i Kongsberg Maritime. Satsing kan gi store oppdrag for den maritime klynga.
Kongsberg Gruppen har i fleire år arbeidd for at Noreg skal satse på nye og standariserte fartøy til Forsvaret, som kan utrustast til ulike typar krigsskip.
No vil regjeringa satse på slike fartøy - og bygging i Noreg.
I langtidsplanen for Forsvaret, som regjeringa legg fram i dag, er standariserte fartøy ein del av planen. Regjeringa vil ha slike standardisert fartøy i to storleikar, inntil ti av dei største for havgåande bruk og 18 mindre for kystnær bruk.
Alt frå neste år kan dei første vere på plass, ifølgje langtidsplanen.
I tillegg vil regjeringa også ha minst fem nye fregattar, dei første frå og med 2029. Fregattane skal utviklast saman med andre land.
Regjeringa vil også at norsk industri skal kunne levere meir av det Forsvaret treng.
"Norges nasjonale industribase vil videreutvikles for økt produksjonsevne. Regjeringen vil legge til rette for økt produksjon og utvikling av en sterkere forsvarsindustri og forsvarsteknologi i Norge.", skriv regjeringa i langtidsplanen.
Nesten dobla forsvarsbudsjett
Regjeringa vil samla bruke 1624 milliardar kroner på Forsvaret fram til 2036. Da vil forsvarsbudsjettet vere nesten dobbelt så stort som det er i dag, målt i reell kroneverdi, ifølgje regjeringa si pressemelding.
Ein del av pengane skal gå til opprusting av sjøforsvaret.
"Regjeringen går inn for en betydelig styrking av Sjøforsvaret, med nye fregatter, ubåter og andre fartøy. Planen innebærer også en historisk satsing på vår beskyttelse mot lufttrusler, og regjeringen vil gå til innkjøp av Norges første langtrekkende luftvern. Vi vil også styrke landmakten ved å utvide Hæren fra en til tre brigader og øke Heimevernet til totalt 45.000 soldater", seier statsminister Jonas Gahr Støre i pressemeldinga om den nye langtidsplanen.
Les pressemelding om langtidsplanen her
Sjå pressekonferansen i opptak her
Administrerande direktør Asle B. Strønen i sal- og marknadsføringsorganisasjonen Norske Skipsverft seier verfta er forhåpingsfulle og og forventningsfulle.
- Utgangspunktet for Norske Skipsverft er at vi har kompetansen for å bygge dei fleste av dei konsepta som ligg i langtidsplanen, seier han.
Viktig verftsnæring
På pressekonferansen sa forsvarsminister Bjørn Arild Gram dette om å få bygd dei standariserte fartøya hos bedrifter i Noreg:
- Samarbeid med sivil sektor trur eg er utruleg viktig for å sikre kostnadsnivået og også ha den beredskapen vi treng i Noreg for å operere langs kysten. Norsk verftsnæring vil vere viktig inn i den satsinga.
- Dette er vi glade for å høyre, seier kommunikasjonsdirektør Anette Bonnevie Wollebæk i Kongsberg Maritime.
Kongsberg Maritime er eit datterselskap av Kongsberg Gruppen, og omfattar mellom anna den tidlegare marinedivisjonen i Rolls Royce-konsernet, med mellom anna fabrikkar og avdelingar på Longva, i Brattvåg, i Ålesund, i Hjørungavåg og i Ulsteinvik.
Saman med fem verft og skipsdesignselskapet Salt Ship Design har Kongsberg Gruppen eit samarbeid for å kunne bygge dei standariserte fartøya. Dei fem verfta/verftselskapa i samarbeidet er Ulstein Verft, Green Yard, Fosen, Myklebust Verft og Westcon, ifølgje Bonnevie Wollebæk.
Optimisme hos Vard
Ronny Langset er verftsdirektør hos Vard Langsten og leiar for forsvarsleveransar hos Vard. Han meiner det forsvarsministeren sa på pressekonferansen i dag viser at han har lytta til skipsbyggingsindustrien sitt ønskje om at forsvarskontrakten går til Noreg.
Vard Langsten har no under bygging den tredje av tre nye fartøy til Kystvakta, og Langset er optimistisk på vegne av både Vard og andre.
- Det er ei massiv satsing på Forsvaret og det er ei massiv satsing på Sjøforsvaret. Her er det så mykje at det skal bli nok til mange, seier han.
Publisert: 05.04.2024 12:25
Sist oppdatert: 05.04.2024 18:09