Ordreinngangen så langt er på line med same tidsrom i 2015.
Men samanlikna med 2014, då stupet i oljeprisen starta rundt halvårsskiftet, er det snakk om ei halvering av ordreinngangen.
No er det fleire nybyggingsoppdrag til mindre og mellomstore verft.
I dag er det dei små og mellomstore verfta som får kontraktane. Så langt er det snakk om åtte skip til i alt 5,7 milliardar kroner, i følgje tal frå bransje- og marknadsføringsorganisasjonen Norske Skipsverft. I tillegg kjem to nye kontraktar for mellomstore fiskebåtar som Larsnes Mek. Verksted nyleg har sikra seg. Medrekna dei to båtane hos Larsnes anslår NETT NO at den samla ordreinngangen for norske verft er på rundt seks milliardar kroner så langt i år.
Vard Søviknes byggjer ny havgåande fiskebåt for Havfisk og Fiskerstrand byggjer ny ferge til Boreal.
Kleven skal byggje ein kabelleggjar for ABB og har i tillegg nyleg sikra seg jobben med å bygge to nye skip til Hurtigruten.
På toppen av dette kjem altså dei to fiskebåtane Larsnes Mek. skal byggje for to fiskebåtreiarlag i Nord-Noreg.
Han peikar på at det ligg skip hos norske verft som allereie skulle vore levert, men der problema hos reiarlaga i beste fall gjer at leveringa er utsett.
Både Vard og Kleven melder i sine ferskaste reknskapsrapportar om kontrakter som ikkje blir gjennomført. Vard går på ein smell på grunn av kansellering av bygging av eit skip for Rem Offshore, og Kleven har fått eit konstruksjonsskip i fanget, etter at den malaisiske kunden mislegheldt kontrakten.
Hos dei mindre (Larsnes. Mek. og Vegsund Slip) er derimot optimismen større og resultata positive.
- Det ser slett ikkje så verst ut. Spesielt innanfor bygging av nye fiskebåtar er det stor etterspørsel, sa administerande direktør Jarle Gunnarstein ved Larsnes Mek. til NETT NO tidlegare i sommar.
Det er ei vurdering administrerande direktør Asle Strønen i Norske Skipsverft
- Dei har jamt over ein tilfredsstillande likviditet og botnline, seier Strønen.
Men samanlikna med 2014, då stupet i oljeprisen starta rundt halvårsskiftet, er det snakk om ei halvering av ordreinngangen.
Snudd opp ned
I 2014 var det Kleven, Vard og Ulstein som drog inn storparten av nybyggingsordrane. Slik hadde det vore i fleire år, inntil oljeprisfallet fekk offshore-reiarane til å beordre full stopp.No er det fleire nybyggingsoppdrag til mindre og mellomstore verft.
I dag er det dei små og mellomstore verfta som får kontraktane. Så langt er det snakk om åtte skip til i alt 5,7 milliardar kroner, i følgje tal frå bransje- og marknadsføringsorganisasjonen Norske Skipsverft. I tillegg kjem to nye kontraktar for mellomstore fiskebåtar som Larsnes Mek. Verksted nyleg har sikra seg. Medrekna dei to båtane hos Larsnes anslår NETT NO at den samla ordreinngangen for norske verft er på rundt seks milliardar kroner så langt i år.
Tre brønnbåtar
Blant dei åtte kontraktene på Norske Skipsverft si liste er tre brønnbåtar, to hos Kleven-verftet Myklebust Verft og ein hos Havyard.Vard Søviknes byggjer ny havgåande fiskebåt for Havfisk og Fiskerstrand byggjer ny ferge til Boreal.
Kleven skal byggje ein kabelleggjar for ABB og har i tillegg nyleg sikra seg jobben med å bygge to nye skip til Hurtigruten.
På toppen av dette kjem altså dei to fiskebåtane Larsnes Mek. skal byggje for to fiskebåtreiarlag i Nord-Noreg.
Kontrakter i vasken
- Dei store lokomotiva slit både med ordreinngangen og avsetning av ferdigstilt tonnasje, seier administrerande direktør Asle Strønen i Norske Skipsverft om situasjonen i marknaden.Han peikar på at det ligg skip hos norske verft som allereie skulle vore levert, men der problema hos reiarlaga i beste fall gjer at leveringa er utsett.
Både Vard og Kleven melder i sine ferskaste reknskapsrapportar om kontrakter som ikkje blir gjennomført. Vard går på ein smell på grunn av kansellering av bygging av eit skip for Rem Offshore, og Kleven har fått eit konstruksjonsskip i fanget, etter at den malaisiske kunden mislegheldt kontrakten.
Pluss for dei mindre
Av dei skipsverfta som har lagt fram reknskapa sine for 2015 (sjå relaterte saker), så slit alle dei store (Vard, Kleven og Ulstein) med store underskot.Hos dei mindre (Larsnes. Mek. og Vegsund Slip) er derimot optimismen større og resultata positive.
- Det ser slett ikkje så verst ut. Spesielt innanfor bygging av nye fiskebåtar er det stor etterspørsel, sa administerande direktør Jarle Gunnarstein ved Larsnes Mek. til NETT NO tidlegare i sommar.
Det er ei vurdering administrerande direktør Asle Strønen i Norske Skipsverft
meiner stemmer også for andre verft i same storleik.
- Dei har jamt over ein tilfredsstillande likviditet og botnline, seier Strønen.
Publisert: 27.07.2016 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:58






