Stad skipstunnel kjøde
GJENNOM I STADEN FOR RUNDT: På budsjettkonferansen i slutten av august bestemte regjeringa seg for å lyse ut bygging av Stad skipstunnel.
Nytt

Skipstunnelen blir lyst ut

Klarsignal frå regjeringa.

07.09.2023

Arbeidet med å bygge Stad Skiptunnelen blir lyst ut neste år, med ei kostnadsramme på 5,06 milliardar kroner.

Det seier Arbeiderpartiet sin næringspolitiske talsmann, stortingsrepresentant Per Vidar Kjølmoen, på ein pressekonferanse i Herøy torsdag.

Pressekonferansen vart halden i bygget til Havila Holding, som mellom anna husar hovudkontoret til Havila Kystruten.

Havila Kystruten planlegg å la sine skip gå gjennom skipstunnelen, og styreleiar Per Sævik sa på pressekonferansen at betydninga av skipstunnelen «kan neppe bli vurdert høgt nok» for Havila Kystruten. Det Støre-regjeringa no gjer er å oppfylle ein gamal lovnad frå Stoltenberg-regjeringa, sa Sævik.

Gunstig tidspunkt
Per Vidar Kjølmoen vurderer utviklinga som gunstig for ei utlysning, med fallande aktivitetsnivå i anleggsbransjen.

– Eg trur at om det er mogleg å lyse det ut i 2023 så blir det det. Signala frå regjeringa er at det blir lyst ut så fort som mogleg, seier Kjølmoen.

Han seier det har vore eit betydleg press frå lokallag i Ap og Sp i Møre og Romsdal og Vestland inn mot regjeringa for å få lyst ut oppdraget og sette i gang med bygginga.

Auka kostnadar
Då Stortinget vedtok å bygge tunnelen våren 2021 var kostnadsramma på 4,1 milliarder kroner. I vår bad regjeringa om at prosjektet blei utsett medan Kystverket vurderte om tunnelen kunne byggast billegare enn dei nyaste kostnadsoverslaga på opptil 7,1 millionar kroner.

Kjem tilboda i anbodskonkurransen under kostnadsramma blir det skrive kontrakt og bygginga sett i gang, ifølgje Kjølmoen. Er tilboda over, må prosjektet til ny behandling i Stortinget.

Først i verda
Stadhavet er kjent som ein av dei mest vêrharde stadene langs norskekysten og kan vere ei stor utfordring for skipstrafikken. Ved dårleg ver blir gjerne mange liggjande å vente før dei passerer strekninga.

Tunnelen, som blir den første fullskala skipstunnelen i verda, blir 1,7 kilometer lang, 50 meter høg, 12 meter djup og 36 meter brei. Det betyr at både lasteskip og mindre cruiseskip kan nytte den. I tillegg blir det mogleg for fritidsbåtar å nytte tunnelen for sikker ferd.

Publisert: 07.09.2023 13:05

Sist oppdatert: 07.09.2023 16:46

Mer om