Sunnmøre tingrett foto ogne
Illustrasjonsfoto: Ogne Øyehaug
Nytt

Skred av tvangsavviklingar

Ei rekke selskap i regionen har fått varsel - sjekk kven.

Marius Rosbach
23.05.2022

Nær 60 selskap i Møre og Romsdal har dei siste to vekene blitt tvangsavvikla, eller fått varsel om tvangsavvikling.

Det går fram av kunngjeringar frå Brønnøysundregistera.

Sjå heile lista her (ekstern lenke)

Om det ikkje er sendt inn komplett årsrekneskap seks månader etter fristen, kan eit selskap bli tvangsoppløyst.

Det er dei lokale tingrettane som gjer vedtak om tvangsoppløysing. Det skjer til vanlig ein månad etter varsel om tvangsoppløysing er sendt ut.

Auke frå i fjor
Ved utgangen av april var det 59 selskap i Møre og Romsdal som var tvangsoppløyst. Det er seks fleire enn på same tid i fjor.

I Vestland fylke er det ein liten nedgang i tvangsoppløysingar så langt i år med 155 tilfelle, mot 157 på same tid i fjor.

På landsbasis var det ei auke på 6,3 prosent ved utgangen av april månad, ifølgje tal frå Dun & Bradstreet.

Publisert: 23.05.2022 08:58

Sist oppdatert: 23.05.2022 11:00

Mer om