Fosnavaag ocean academy eksteriør foto marius 11
FOSNAVÅG: Simalutorsenteret som blei oppretta i 2014, møtte brottsjø allereie etter kort tid og satsinga enda med store tap. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Samla tap på nær 80 millionar

Simulatorsenteret i Fosnavåg enda med økonomisk totalhavari. Snart blir det nytt liv i lokala.

Marius Rosbach
01.04.2022

Nyleg blei konkursbehandlinga for Fosnavaag Ocean Academy innstilt av Møre og Romsdal tingrett. Det markerer slutten for satsinga og i etterkant er selskapet sletta.

Snart blir det likevel nytt liv i lokala i underetasjen ved Thon-hotellet i Fosnavåg sentrum. Nyleg kunne Remøy Havfiske opplyse at dei har kjøpt lokala og vil ta det i bruk som hovudkontor. Samtidig skal selskapet STQ leige delar av lokalet til kursverksemd.

I løpet av dei fem åra i drift, gjekk simulatorsenteret med samla 65 millionar kroner i underskot. Ved konkursen var krava mot selskapet 20,1 millionar kroner.

Eit anslag NETT NO har gjort, viser at dei samla tapa etter fem års drift, ligg på nærare 80 millionar kroner. Sonderingar etter konkursen med ulike interessentar, førte ikkje til at nokon ville ta over og vidareføre drifta.

Soekjer nye simulatordrivarar
NYTTA TIL KURSING: Simulatorutstyret ved Fosnavaag Ocean Academy blei nytte til å kurse sjøfolk. Selskapet STQ nyttar no delar av lokala til kursverksemd, både for industritilsette på land og offshoremannskap.

Fekk 7,9 millionar for lokala
Lokala gjekk til Remøy Havfiske for 7,9 millionar kroner etter ei bodrunde. Overskotet frå salet blei fordelt mellom Innovasjon Norge og Sparebank 1 SMN, som var dei største kreditorane og hadde pant i eigedomen.

Bustyrar Thore Heggen fortel at dei spesialbygde lokala gjorde salsprosessen utfordrande.

– Det er ein forholdsvis liten krets som driv med simulatorsenter, så midlane som var brukt for å lage til lokalet til formålet, var tunge å få igjen, seier han til NETT NO.

No er det klart at mykje av simulatorutstyret blir teke vare på og kan nyttast vidare.

Offshorekrise og endra krav
Ein god start vart raskt avløyst av ei langvarig krise for simalutorsenteret etter at det starta opp i 2014.

Då oljeprisen fall og skapte krise for offshoreverfta, tørka også den forventa marknaden for kurs og trening inn. I denne perioden miste kring 1000 norske sjøfolk jobbane sine i oljeserviceflåten.

Samtidig førte ei endring i krava frå Sjøfartsdirektoratet til at ein del av marknaden forsvann.

– Den omlegginga i sertifiseringa kom som ei overraskering og øydela på sett og vis forretningsmodellen deira, fortel bustyrar Heggen.

Vart dobbelt så dyrt som planlagt
Fosnavaag Ocean Academy blei oppretta av Rem Offshore, Olympic Shipping, Havila Shipping, Bourbon Offshore og Remøy Shipping.

Etterspurnaden var høg på det tidspunktet, og kapasiteten ved NTNU i Ålesund var ikkje stor nok. Prisen for simulatorsenteret skulle i utgangspunktet ligge på 20-30 millionar, men enda på meir enn 60 millionar.

Manglande inntekter gjorde at selskapet skreiv ned verdien på utstyret med til saman 39 millionar kroner. Den første og største nedskrivinga i simulatorsenteret kom i 2015 og var på 30 millionar kroner.

Trass i ein rekke tiltak i forkant av konkursen og ny merksemd kring oppdrettsbransjen, lukkast det ikkje å snu skuta. I eit styremøte fredag 13. desember 2019 blei det bestemt å melde oppbod.

2018 vart siste drifstår
Størstedelen av dei 15 krava buet fekk inn, var frå Innovasjon Norge og Sparebank 1 SMN som hadde pant i lokalet der senteret haldt til.

Rekneskapet frå buet viser eit underskot på kring 2,5 millionar i 2018, som vart siste heile driftsår.

Eigenkapitalen var då på minus nær 6,5 millionar kroner og eigedelar som inkluderte utstyr på senteret, var verdsett til kring 14 millionar kroner.

Publisert: 01.04.2022 04:59

Sist oppdatert: 01.04.2022 09:21

Mer om