NPK-NTB-Birgitte Iversen: Norsk Industri-sjef Stein Lier-Hansen skrur forventningane kraftig ned før årets lønnsoppgjer. Det er ingen automatikk i stadig auka kjøpekraft, seier han.
– Å skulle gjennomføre lønnsforhandlingar i den krisesituasjonen Noreg og verda no er i, det er som eit lite eksperiment. Det blir uhyre spesielt, konstaterer Stein Lier-Hansen, Norsk Industris mangeårige leiar, til NTB.
Rett over fellesferien skal han gjenopne årets lønnsoppgjer, saman med motpartane i frontfaga, Fellesforbundet (LO) og Parat (YS). Forhandlingane vart sette på pause då landet vart pandemistengt i mars.
– Bedriftene våre fryktar det neste halvåret. Dei ser at det ikkje kjem nye oppdrag inn, seier Lier-Hansen.
LO vedtok før koronaen krav om auka kjøpekraft. Leiaren i fellesforbundet Jørn Eggum uttalte til NTB førre veke at han ikkje ser nokon grunn til å koronajustere krava.
– Bedriftene våre seier at dei eigentleg hadde trunge at lønna vart forhandla ned, svarer Lier-Hansen.
– Men å gjere det i eit sentralt oppgjer, er ikkje veldig realistisk, legg han til.
– Kvifor ikkje?
– Det går jo absolutt an, men problemet er vel at vi ikkje har så lang tradisjon for å føre forhandlingar i ein så dramatisk situasjon som vi no er i, seier Lier-Hansen.
Partane ventar no på nye oppdaterte tal frå Teknisk utrekningsutval (TBU) som kjem fredag. Særleg blir nye prognosar for prisstiginga viktig. For arbeidstakarsida er det alltid eit mål å få eit resultat over prisstiginga for å sikre auka kjøpekraft.
– For meg er det ikkje noko automatikk i at vi stadig skal ha auka kjøpekraft. Vi meiner kjøpekrafta i Noreg er stor, kontrar Lier-Hansen.
Resultata frå lønnsoppgjera i dei andre nordeuropeiske landa vil bli avgjerande for kva Norsk Industri kan akseptere av krav.
– Vi ligg allereie rundt 30 prosent over konkurrentane våre i timelønnskostnader, så vi må få til eit lønnsoppgjer som ligg under det konkurrentlanda våre gir, elles så svekkjer vi konkurranseevna ytterlegare, seier Lier-Hansen.
– Vi som frontfag forhandlar først. Frykta mi er at dersom vi endrar for mykje, så vil alle dei andre ha argument for å endre, og då kan heile denne vanskelege situasjonen komme heilt ut av kontroll. Vi kan ikkje ta sjansen på at frontfaga opnar godteposen, sånn at alle kan komme og forsyne seg, seier han.
– Eg er samd i at sjukepleiarane har jobba hardt og gjort ein kjempejobb, men det reknar eg med at dei har fått overtidsbetalt for. Det at du har jobba hardt eitt år, betyr jo ikkje at du skal ha ei spesiell lønnsutvikling for all framtid, seier han.
– Fryktar du for streik sidan de har så lite å gi?
– I den situasjonen landet er i no, trur eg ikkje ein streik ville vorte forstått. Det å starte ein streik i ein sånn situasjon vil for meg vere ein veldig klar peikepinn på at trepartssamarbeidet ikkje har fungert, og at vi ikkje klarte å handtere forhandlingsinstituttet i ein ekstraordinær situasjon, seier Lier-Hansen.
* 3. august: Oppgjeret startar igjen med partane i konkurranseutsett industri i det såkalla frontfagsoppgjøret. Fellesforbundet i LO, Parat i YS og Norsk Industri i NHO er partar.
* 19. juni: Teknisk berekningsutval (TBU) legg fram oppdaterte tal om norsk økonomi, som vil vere et viktig premiss for årets oppgjer.
* 26. juni: NHOs representantskap gjennomgår sin forhandlingsinstruks.
* 21. august: Forhandlingsfrist i frontfagsoppgjeret. Dersom forhandlingane ikkje når fram, vil oppgjeret gå til mekling leidd av riksmeklar Mats Wilhelm Ruland.
* 25. august: Oppgjeret i Spekter-området i staten startar (med reservedato 26. august).
* 1. september: Oppgjeret i staten startar. Her forhandlar hovudsamanslutningane med arbeidsgivarane i staten representert ved Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
* 3. september: Kommuneoppgjeret startar.
* 15. september: Forhandlingsfrist i stat- og kommuneoppgjera.
* Årets oppgjer er eit hovudoppgjer. Det betyr at det er mogleg å forhandle om fleire ting enn lønn, som for eksempel arbeidstid, velferdspermisjonar, tillegg m.m.
Bilete: Tr97xPofPFYNorsk Industri-direktør Stein Lier-Hansen seier industribedriftene har svært lite å gi i årets lønnsoppgjer. Oppgjeret, som vart sett på pause på grunn av koronapandemien, startar opp igjen 3. august. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix / NPK
– Å skulle gjennomføre lønnsforhandlingar i den krisesituasjonen Noreg og verda no er i, det er som eit lite eksperiment. Det blir uhyre spesielt, konstaterer Stein Lier-Hansen, Norsk Industris mangeårige leiar, til NTB.
Rett over fellesferien skal han gjenopne årets lønnsoppgjer, saman med motpartane i frontfaga, Fellesforbundet (LO) og Parat (YS). Forhandlingane vart sette på pause då landet vart pandemistengt i mars.
Ønskjer lønnskutt
Norsk Industri-sjefen teiknar eit mørkt bilde av norsk økonomi og norsk industri i forkant av oppgjeret.– Bedriftene våre fryktar det neste halvåret. Dei ser at det ikkje kjem nye oppdrag inn, seier Lier-Hansen.
LO vedtok før koronaen krav om auka kjøpekraft. Leiaren i fellesforbundet Jørn Eggum uttalte til NTB førre veke at han ikkje ser nokon grunn til å koronajustere krava.
– Bedriftene våre seier at dei eigentleg hadde trunge at lønna vart forhandla ned, svarer Lier-Hansen.
– Men å gjere det i eit sentralt oppgjer, er ikkje veldig realistisk, legg han til.
– Kvifor ikkje?
– Det går jo absolutt an, men problemet er vel at vi ikkje har så lang tradisjon for å føre forhandlingar i ein så dramatisk situasjon som vi no er i, seier Lier-Hansen.
– God kjøpekraft i Noreg
Partane ventar no på nye oppdaterte tal frå Teknisk utrekningsutval (TBU) som kjem fredag. Særleg blir nye prognosar for prisstiginga viktig. For arbeidstakarsida er det alltid eit mål å få eit resultat over prisstiginga for å sikre auka kjøpekraft.
– For meg er det ikkje noko automatikk i at vi stadig skal ha auka kjøpekraft. Vi meiner kjøpekrafta i Noreg er stor, kontrar Lier-Hansen.
Resultata frå lønnsoppgjera i dei andre nordeuropeiske landa vil bli avgjerande for kva Norsk Industri kan akseptere av krav.
– Vi ligg allereie rundt 30 prosent over konkurrentane våre i timelønnskostnader, så vi må få til eit lønnsoppgjer som ligg under det konkurrentlanda våre gir, elles så svekkjer vi konkurranseevna ytterlegare, seier Lier-Hansen.
Vil ikkje «opne godteposen»
Årets oppgjer er eit såkalla forbundsvist hovudoppgjer som inneber at ein kan forhandle om andre ting enn berre lønn innanfor dei ulike tariffområda. Norsk Industri-sjefen heller likevel kaldt vatn i åra til dei som håpar på vesentlege endringar i avtalane i år.– Vi som frontfag forhandlar først. Frykta mi er at dersom vi endrar for mykje, så vil alle dei andre ha argument for å endre, og då kan heile denne vanskelege situasjonen komme heilt ut av kontroll. Vi kan ikkje ta sjansen på at frontfaga opnar godteposen, sånn at alle kan komme og forsyne seg, seier han.
– Streik vil ikkje bli forstått
Sjukepleiarane, som har stått i front under pandemien, har kravd eit ekstra lønnsløft i år. Lier-Hansen kallar det «eit håplaust argument».– Eg er samd i at sjukepleiarane har jobba hardt og gjort ein kjempejobb, men det reknar eg med at dei har fått overtidsbetalt for. Det at du har jobba hardt eitt år, betyr jo ikkje at du skal ha ei spesiell lønnsutvikling for all framtid, seier han.
– Fryktar du for streik sidan de har så lite å gi?
– I den situasjonen landet er i no, trur eg ikkje ein streik ville vorte forstått. Det å starte ein streik i ein sånn situasjon vil for meg vere ein veldig klar peikepinn på at trepartssamarbeidet ikkje har fungert, og at vi ikkje klarte å handtere forhandlingsinstituttet i ein ekstraordinær situasjon, seier Lier-Hansen.
Fakta om lønnsoppgjeret
Årets lønnsoppgjer vart sett på pause då landet vart stengt ned i mars på grunn av koronapandemien. Her er dei viktigaste datoane i samband med oppgjeret:* 3. august: Oppgjeret startar igjen med partane i konkurranseutsett industri i det såkalla frontfagsoppgjøret. Fellesforbundet i LO, Parat i YS og Norsk Industri i NHO er partar.
* 19. juni: Teknisk berekningsutval (TBU) legg fram oppdaterte tal om norsk økonomi, som vil vere et viktig premiss for årets oppgjer.
* 26. juni: NHOs representantskap gjennomgår sin forhandlingsinstruks.
* 21. august: Forhandlingsfrist i frontfagsoppgjeret. Dersom forhandlingane ikkje når fram, vil oppgjeret gå til mekling leidd av riksmeklar Mats Wilhelm Ruland.
* 25. august: Oppgjeret i Spekter-området i staten startar (med reservedato 26. august).
* 1. september: Oppgjeret i staten startar. Her forhandlar hovudsamanslutningane med arbeidsgivarane i staten representert ved Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
* 3. september: Kommuneoppgjeret startar.
* 15. september: Forhandlingsfrist i stat- og kommuneoppgjera.
* Årets oppgjer er eit hovudoppgjer. Det betyr at det er mogleg å forhandle om fleire ting enn lønn, som for eksempel arbeidstid, velferdspermisjonar, tillegg m.m.
Bilete: Tr97xPofPFYNorsk Industri-direktør Stein Lier-Hansen seier industribedriftene har svært lite å gi i årets lønnsoppgjer. Oppgjeret, som vart sett på pause på grunn av koronapandemien, startar opp igjen 3. august. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix / NPK
Publisert: 18.06.2020 08:34
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58