NTB JL Fiq L Jv D 4
INVESTERING AVLYST: Lyse Kraft varsla på seinsommaren at dei ønskjer å oppruste vasskraftanlegga i Røldal og Suldal for å auke kraftproduksjonen. Men no har selskapet skrinlagt planane, etter at regjeringa foreslo å ta inn meir skatt frå vasskraftverka. Biletet er frå inntaket i Blåbergdalen der vatn blir overført til Votnamagasinet. Foto: Lyse Kraft DA / NTB / NPK
Nytt

Skuldar regjeringa for å stikke av med kraftinvesteringane

Staten inndreg verdiar for 50 milliardar kroner frå kraftkommunane, ifølgje Energi Norge, som går hardt ut mot regjeringas skattegrep for vasskraft.

14.10.2022

NPK-NTB-Gunnhild Hokholt Bjerve: – Dette er rein ekspropriasjon utan noka form for kompensasjon. Det er snakk om store verdiar og opnar for grunnleggjande spørsmål om kva eigedomsretten betyr, seier fornybardirektør Eivind Heløe i Energi Norge, som er interesseorganisasjon for vasskrafta.

Han meiner regjeringa undergrev tilliten til systemet, noko som vil påverke viljen til å investere, ikkje berre i vasskraft men også i annan fornybar energi som vindkraft på land og til havs i åra som kjem.

– Over natta kan staten berre inndra 10 prosent av eigarandelane. Kven vil investere i eit sånt land? spør Heløe retorisk.

Titals milliardar
Bakgrunnen for kritikken er at regjeringa har foreslått å auke skattane på vasskraft for å skaffe nye inntekter til eit stramt budsjett. Med fleire skatteendringar vil inntektene til staten frå vasskrafta bli 73 milliardar kroner, ifølgje anslaget til regjeringa, mot 16,6 milliardar i fjor.

Staten tek mellom anna inn meir av overskotet ved å auke grunnrenteskatten, ein skatt på forteneste på naturressursar. Dette overskotet er basert på investeringane som er gjorde i kraftverk opp gjennom åra. Men med regjeringsforslaget får ikkje kraftselskapa like mykje tilbake i form av redusert skatt på verdien av investeringar som alt er gjorde.

– Staten overtek eigarskapen
Berekningar som konsulentselskapet Thema har gjort, viser at dette utgjer over 50 milliardar kroner over dei neste 30 åra, ifølgje Energi Norge. Det vil seie at staten inndreg store delar av eigarskapen til dei viktigaste kommunale investeringane og inntektsskaparane, hevdar bransjeorganisasjonen.

– Skal grunnrenteskatten verke nøytralt, må satsen liggje fast over levetida for investeringa. Men den auka skatten omfattar også alle tidlegare investeringar, og det blir dermed ei kraftig kapitaloverføring frå eigarane til staten, forklarer Heløe.

Heløe meiner regjeringa i realiteten eksproprierer, altså inndreg, store verdiar frå investeringane kommunane har i vasskraft.

– Dette er verdiar som skulle gå til anten velferdsproduksjon eller fornybarinvesteringar. Eg trur mange ikkje forstår rekkjevidda av forslaga, meiner Heløe.

– Har lite betydning for investeringar
Statssekretær Lars Vangen (Sp) i Finansdepartementet meiner på si side at auken i grunnrenteskatten har lite betydning for investeringar som er gjorde. Han viser til at grunnrenteskatten for vasskrafta nyleg vart lagt om til såkalla kontantstraumsskatt, og at investeringar som vart gjorde før dette, blir avskrivne som før og gir friinntekt.

– Det er rett at skattesatsen må liggje fast over tid for at ein kontantstraumsskatt skal vere nøytral. Derfor er det bra at vi endrar satsen no, kort tid etter at han vart omlagd til kontantstraumsskatt, og ikkje ventar til han har fått verke lenge. For satsen bør aukast, slik at meir av verdien fell til fellesskapet i form av gode velferdstenester i heile Noreg også i åra framover, seier Vangen til NTB.

Vil fordele betre
Regjeringa meiner det er rett å hente inn meir pengar frå ein bransje som tener enorme summar på skyhøge kraftprisar for å fordele betre. Nokre av inntektene blir sende tilbake til Kommune-Noreg over statsbudsjettet, men regjeringa har ikkje talfesta kor mykje det er snakk om. Dei auka skatteinntektene bidreg også til å finansiere straumstøtta, forsvaret og mottak av ukrainske flyktningar.

Kraftselskapa er i stor grad eigde av kommunar og fylkeskommunar, blant dei Oslo og fleire andre av dei største byane i Noreg. Regjeringas grep har dermed vorte møtt med kraftig kritikk frå lokalpolitikarar over heile landet, inkludert o rdførarar som tilhøyrer regjeringspartiet Ap.

Heløe påpeikar at eigarane i kraftbransjen i Noreg ikkje er «grådige kapitalistar», men kommunar som bruker pengane til velferd for innbyggjarane sine.

I tillegg til skatt til staten gir kraftselskapa også inntekter direkte til vertskommunane der kraftverka ligg, mellom anna med ordningar som konsesjonskraft.

Tok ut for mykje av overskotet?
Kraftselskapa melder no at dei vil droppe konkrete investeringar dei hadde tenkt å gå vidare med. Det kan mellom anna ramme oppgraderingar av kraftverk, som kan gi auka straumproduksjon.

Det har tidlegare vore retta kritikk mot korleis ein del kommunar har brukt overskotet frå kraftselskapa. På spørsmål om kommunane har forvalta inntektene godt når ikkje meir har vore investert tilbake i kraftproduksjon tidlegare, svarer Heløe:

– Som alle eigarar tek kommunen ut overskot. Men forskjellen er at dei bruker dei til å produsere velferdstenester. Har dei teke ut for mykje utbytte? Det kan hende dei i periodar har gjort det. Men det har ikkje gått til privat forbruk.

Publisert: 14.10.2022 07:53

Sist oppdatert: 14.10.2022 08:02