Under Aalesund Protective Wear ligg kjente varemerke som Regatta, Strakofa og Aalesund Oljeklede, og sterkt veksande Blæst.
Plagga blir teikna i Noreg og produserte i utlandet, både i Europa og Asia. Det betyr at dei blir betalt i dollar eller euro, og salet i Noreg skjer i norske kroner.
For dollar er det snakk om ei kursutvikling sidan starten på 2013, som utgjer ein prisauke på importere varer i dollar på over 50 prosent.
For dollar har kursutviklinga utvikla seg negativ for importørane i rykk og napp, medan eurokursen har utvikla seg negativt jamt og trutt.
Fram til no.
- No går det ikkje opp, no går det heller litt ned seier Aakre om utviklinga i kursen på dollar og euro mot norske kroner.
Både dollar- og eurokursen gjekk rett til vers då koronakrisa kom i mars i år, men fall nesten like raskt ned igjen og har vore fallande sidan - eit fall som er eit gode for blant andre Aalesund Protective Wear.
(Sjå 2019-resultatet i tabell - på mobil finn du den nederst på sida)
Blæst er regn- og vindtette plagg berekna når folk på veg til kontoret, spaserer i byen, eller går i butikken. Innpass i ei rekke nye butikkar er årsak til at salet så langt ligg ti gangar over budsjett, ifølgje Aakre.
De andre varemerket med liknande plagg er Æ Rainwear, som først og fremst er retta mot turistmarknaden.
Mangelen på turistar frå utlandet har gjort at Æ Rainwear ikkje har ein god sesong i år. Til saman utgjer Blæst og Æ Rainwear-plagga cirka 12-13 prosent av driftsinntektene i år, anslår Aakre.
Plagga blir teikna i Noreg og produserte i utlandet, både i Europa og Asia. Det betyr at dei blir betalt i dollar eller euro, og salet i Noreg skjer i norske kroner.
Prisauke
I starten av 2013 var ein euro verdt omlag 7,50 norske kroner. No er kursen omlag 10,20 kroner. Det utgjer ein prisauke på over 35 prosent.For dollar er det snakk om ei kursutvikling sidan starten på 2013, som utgjer ein prisauke på importere varer i dollar på over 50 prosent.
For dollar har kursutviklinga utvikla seg negativ for importørane i rykk og napp, medan eurokursen har utvikla seg negativt jamt og trutt.
Fram til no.
- No går det ikkje opp, no går det heller litt ned seier Aakre om utviklinga i kursen på dollar og euro mot norske kroner.
Små endringar
Samanlikna med årskiftet er kursen på dollar i dag, nesten heilt lik det den var ved starten på året. For euro er det ei auke på 6,5 prosent i negativ lei - sett frå importørar si side.Både dollar- og eurokursen gjekk rett til vers då koronakrisa kom i mars i år, men fall nesten like raskt ned igjen og har vore fallande sidan - eit fall som er eit gode for blant andre Aalesund Protective Wear.
(Sjå 2019-resultatet i tabell - på mobil finn du den nederst på sida)
Blest om Blæst
Koronakrisa har bremsa og utsett etterspørselen etter arbeidskle, men Regatta sine rednings-og flyteplagg har fått eit oppsving. Aller mest oppsving har Blæst-plagga fått.Blæst er regn- og vindtette plagg berekna når folk på veg til kontoret, spaserer i byen, eller går i butikken. Innpass i ei rekke nye butikkar er årsak til at salet så langt ligg ti gangar over budsjett, ifølgje Aakre.
De andre varemerket med liknande plagg er Æ Rainwear, som først og fremst er retta mot turistmarknaden.
Mangelen på turistar frå utlandet har gjort at Æ Rainwear ikkje har ein god sesong i år. Til saman utgjer Blæst og Æ Rainwear-plagga cirka 12-13 prosent av driftsinntektene i år, anslår Aakre.
Publisert: 07.09.2020 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:02