- Vi legg stor vekt på kvalitet, både i møblar, det estiske og i sjølve kundemøta, sier kjedeleiar i Slettvoll, Bjørn-Helge Vik.
Møblane til Slettvoll vert seld gjennom 18 Slettvoll-butikkar, 16 i Norge og to i Sverige. Seks av desse eig Slettvoll sjølv - Trondheim, Ålesund, Bærum, Skøyen, Lillestrøm og Stockholm - medan dei tolv øvrige er basert på franchise.
- Vi etablerte første Slettvoll-butikken på Kolsås i 1999, og i løpet av dei neste åra utover 2000-talet braut vi heilt med kjedane og etablerte vår eigen salskanal, fortel Vik.
- Særleg dei siste tre år har vi hatt ein stor vekst. Også i inneverande år har vi hatt tosifra vekst i forhold til same tid i fjor, seier Vik.
Ein grunn til suksessen, meiner Vik er eit godt teamarbeid mellom Slettvoll-organisasjonen og butikkane.
Ifølge Vik, ventar kundane mykje, og marginane for å gjere feil er små.
- Når ein jobbar med high-end brand, må ein like å bli målt på opplevd kvalitet og heile tida søke å gjere forbetringar, seier han.
- Vi er også eit selskap som bygger stein på stein, og der vi er ambisiøse, men samtidig forsiktige. Mellom anna har vi som mål at kvar butikk skal vere lønsam og kunne stå på eigne bein. Vi er veldig opptatt av å tenke langsiktig. Alt vi gjer skal kunne stå seg over tid, det gjeld både produktkvalitet og korleis vi marknadsfører oss.
Slettvoll er opptatt av å ha kontroll i alle ledd, det gjeld også på merkevarebygginga.
- Å bygge, beskytte og ha kontroll på merkevara vår, er ekstremt viktig. Skal ein bygge ei solid merkevare, må ein vere konsistent over tid. Vi er også veldig opptatt av korleis vi skal bygge intern kompetanse på dette området sidan dei viktigaste merkevarebyggjarane er beteninga på butikkgolvet, seier Vik.
I fjor investerte Slettvoll Møbler seks millionar kroner i å vidareutvikle fabrikken på Stranda. Arbeidet på fabrikken på Stranda er i stor grad handverk, og Slettvoll har ingen planer om å flytte produksjonen ut av landet.
- Vi har forbedra fabrikkfasilitetane og også effektivisert og optimalisert produksjonen ved å sjå på vareflyt, arbeidsprosessar og korleis vi best mogleg kan tilrettelegge for dei enkelte arbeidsprosessane. Dette har bidrege til at vi no har fått ein auke i produksjonskapasiteten på 50 prosent, samtidig som vi kan ha høgare leveringspresisjon og ein mindre andel reklamasjonar, fortel adm. direktør Kristine Landmark i Slettvoll Møbler.
I fjor utvida og fornya dei også butikken på Skøyen. Dei tilsette også interiørarkitekt for å kunne ta større oppdrag.
- Vi ønsker å etablere eit nytt konsept der kundar ved hjelp av våre interiørarkitekter kan få hjelp til å innreie heile hus og hytter, seier Landmark.
- Vi har forbedra driftsresultatet vesentleg i fjor, og det gjeld både i butikk og ved fabrikken. Det er vi glad for sidan vi har gjort investeringar, seier Landmark.
Ifølgje Landmark, har dei også fleire planer framover.
-Vi vil mellom anna sjå på område som it, logistikk og transport. Vi har også planer om å etablere fleire butikkar og produktområder etterkvart.
- Vi tenker konsept i alt vi gjer, og i og med at vi har kontroll på heile verdikjeda, er det ingen andre som roter rundt inne i vårt konsept. Det gjer at vi har full kontroll og full fridom. Men vi er strenge overfor butikkane når det gjeld å følge konseptet vårt. Samtidig er det ikkje to Slettvoll-butikkar som er heilt like, fortel Bjørn-Helge Vik.
Slettvoll har også eigne stylistar som jobbar med konseptet ute i butikkane.
- Vi jobbar også knallhardt med å trene dei tilsette i butikkane, og slik at kundane våre møter ei kompetent og motivert betjening. Vi har nesten ingen turnover blant dei tilsette i butikkane, og i high-end marknaden som vi er i, må vi tilby kvalitet i alle ledd. Då er det også veldig viktig å ha flinke folk og som bærer konseptet vårt. Vi skal selge draumar som kundane har, og vi er opptatt av å aldri overselge, understrekar Vik.
- Vi driv i veldig stor grad skreddarsaum i høve til den enkelte kunde sine ønsker, eksempelvis når det gjeld type tekstil, puter og bein. Vi har ein brei kolleksjon, og vi driv med handverk. Med skreddarsaum vert det lite serieproduksjon og lite automatsering, og vi er opptatt av å produsere god kvalitet, seier fabrikksjef Jens Peter Brunstad.
Det er i overkant av 70 tilsette på Stranda, og der sit også produksjonsadministrasjonen og funksjonar som produktutvikling, økonomi, innkjøp og logistikk. Totalt er det 120 tilsette i butikkane.
Møblane til Slettvoll vert seld gjennom 18 Slettvoll-butikkar, 16 i Norge og to i Sverige. Seks av desse eig Slettvoll sjølv - Trondheim, Ålesund, Bærum, Skøyen, Lillestrøm og Stockholm - medan dei tolv øvrige er basert på franchise.
- Vi etablerte første Slettvoll-butikken på Kolsås i 1999, og i løpet av dei neste åra utover 2000-talet braut vi heilt med kjedane og etablerte vår eigen salskanal, fortel Vik.
I ei særstilling med eigen distribusjon
Slettvoll er dermed i ei særstilling i bransjen fordi dei kontrollerar sin eigen distribusjonskanal gjennom eigne Slettvoll-butikkar. Det har vore svært vellukka, og Slettvoll har opplevd nesten ei dobling av omsetninga i butikk sidan 2009. Då låg butikkomsetninga på 165 millioner kroner (eks. mva), i fjor var omsetninga 309 millionar kroner. Berre i 2015 var omsetningsveksten ut frå butikk på 15 prosent.- Særleg dei siste tre år har vi hatt ein stor vekst. Også i inneverande år har vi hatt tosifra vekst i forhold til same tid i fjor, seier Vik.
Ein grunn til suksessen, meiner Vik er eit godt teamarbeid mellom Slettvoll-organisasjonen og butikkane.
Sterk kundefokus
- Det er avgjerande at heile organisasjonen har eit sterk kundefokus i alt vi gjer. Slik eg ser det, har vi som konseptgjevar to kundar som begge er svært viktig for at vi skal lukkast. Den eine er sluttkunden, og den andre er butikkdrivaren. Den viktigste oppgåva til alle oss som jobbar i Slettvoll, er å sikre at vi alltid leverer frå oss eit best mogleg produkt til kunden. Det gjeld enten produktet er eit møbel, ei tjeneste eller ei oppleving, seier han.Ifølge Vik, ventar kundane mykje, og marginane for å gjere feil er små.
- Når ein jobbar med high-end brand, må ein like å bli målt på opplevd kvalitet og heile tida søke å gjere forbetringar, seier han.
Legg stein på stein
I følge Vik legg dei lista høgt i alle ledd.- Vi er også eit selskap som bygger stein på stein, og der vi er ambisiøse, men samtidig forsiktige. Mellom anna har vi som mål at kvar butikk skal vere lønsam og kunne stå på eigne bein. Vi er veldig opptatt av å tenke langsiktig. Alt vi gjer skal kunne stå seg over tid, det gjeld både produktkvalitet og korleis vi marknadsfører oss.
Slettvoll er opptatt av å ha kontroll i alle ledd, det gjeld også på merkevarebygginga.
- Å bygge, beskytte og ha kontroll på merkevara vår, er ekstremt viktig. Skal ein bygge ei solid merkevare, må ein vere konsistent over tid. Vi er også veldig opptatt av korleis vi skal bygge intern kompetanse på dette området sidan dei viktigaste merkevarebyggjarane er beteninga på butikkgolvet, seier Vik.
Har heile verdikjeden
Slettvoll har kontroll på heile verdikjeden og der produksjonen av sofa, stolar og sengegavlar foregår på fabrikken på Stranda. Når det gjeld bord, senger, tepper og lamper, baserer dei seg på lisensproduksjon.I fjor investerte Slettvoll Møbler seks millionar kroner i å vidareutvikle fabrikken på Stranda. Arbeidet på fabrikken på Stranda er i stor grad handverk, og Slettvoll har ingen planer om å flytte produksjonen ut av landet.
- Vi har forbedra fabrikkfasilitetane og også effektivisert og optimalisert produksjonen ved å sjå på vareflyt, arbeidsprosessar og korleis vi best mogleg kan tilrettelegge for dei enkelte arbeidsprosessane. Dette har bidrege til at vi no har fått ein auke i produksjonskapasiteten på 50 prosent, samtidig som vi kan ha høgare leveringspresisjon og ein mindre andel reklamasjonar, fortel adm. direktør Kristine Landmark i Slettvoll Møbler.
I fjor utvida og fornya dei også butikken på Skøyen. Dei tilsette også interiørarkitekt for å kunne ta større oppdrag.
- Vi ønsker å etablere eit nytt konsept der kundar ved hjelp av våre interiørarkitekter kan få hjelp til å innreie heile hus og hytter, seier Landmark.
Leverer svært gode tal
I Slettvoll Møbler-konsernet, som inkluderer fabrikken på Stranda og seks eigne butikkar, var omsetninga i 2015 230 millionar kroner og resultatet før skatt ca. 25 millionar. Det er ein god vekst i høve til 2014, då var omsetninga ca. 200 millioner kroner og resultatet før skatt ca. 15 millionar kroner.- Vi har forbedra driftsresultatet vesentleg i fjor, og det gjeld både i butikk og ved fabrikken. Det er vi glad for sidan vi har gjort investeringar, seier Landmark.
Ifølgje Landmark, har dei også fleire planer framover.
-Vi vil mellom anna sjå på område som it, logistikk og transport. Vi har også planer om å etablere fleire butikkar og produktområder etterkvart.
Tenker interiørkonsept
Slettvoll tenker konsept når det gjelder møbel og interiør, og der dei no kan levere det meste i eit rom - frå golv til tak. Alle butikkene følger same mal gjennom ei konsepthandbok.- Vi tenker konsept i alt vi gjer, og i og med at vi har kontroll på heile verdikjeda, er det ingen andre som roter rundt inne i vårt konsept. Det gjer at vi har full kontroll og full fridom. Men vi er strenge overfor butikkane når det gjeld å følge konseptet vårt. Samtidig er det ikkje to Slettvoll-butikkar som er heilt like, fortel Bjørn-Helge Vik.
Slettvoll har også eigne stylistar som jobbar med konseptet ute i butikkane.
- Vi jobbar også knallhardt med å trene dei tilsette i butikkane, og slik at kundane våre møter ei kompetent og motivert betjening. Vi har nesten ingen turnover blant dei tilsette i butikkane, og i high-end marknaden som vi er i, må vi tilby kvalitet i alle ledd. Då er det også veldig viktig å ha flinke folk og som bærer konseptet vårt. Vi skal selge draumar som kundane har, og vi er opptatt av å aldri overselge, understrekar Vik.
Skreddersaum
På fabrikken produserer dei stoppmøblar, sengegavlar og spisestuemøblar.- Vi driv i veldig stor grad skreddarsaum i høve til den enkelte kunde sine ønsker, eksempelvis når det gjeld type tekstil, puter og bein. Vi har ein brei kolleksjon, og vi driv med handverk. Med skreddarsaum vert det lite serieproduksjon og lite automatsering, og vi er opptatt av å produsere god kvalitet, seier fabrikksjef Jens Peter Brunstad.
Det er i overkant av 70 tilsette på Stranda, og der sit også produksjonsadministrasjonen og funksjonar som produktutvikling, økonomi, innkjøp og logistikk. Totalt er det 120 tilsette i butikkane.
Vi ønsker å etablere eit nytt konsept der kundar ved hjelp av våre interiørarkitekter kan få hjelp til å innreie heile hus og hytter
Publisert: 18.04.2016 09:02
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:55