NTB mm07 PP3 Wt PY
BLIR DYRARE: CO₂-avgifta blir auka med nær 30 prosent, og det vil bety dyrare drivstoff. Foto: Lise Åserud / NTB / NPK
Nytt

Slik verkar budsjettet på lommeboka

Dei dyraste bustadene kan bli skattlagde kraftigare. Pumpeprisen skal ikkje lenger skjermast for CO2-avgift, og flypassasjeravgifta kjem tilbake.

12.10.2021

NPK-NTB: Finansminister Jan Tore Sanner (H) la tysdag fram det siste budsjettet til Solberg-regjeringa. Ei rekkje endringar i skattar og avgifter kan påverke lommeboka til folk.

Eit sentralt grep er å auke skattlegging av dei dyraste bustadene som er verd meir ein 15 millionar kroner. Viss dette er primærbustad, skal utrekningsgrunnlaget doblast til 50 prosent av den delen av bustadverdien som går over 15 millionar.

Norges Eiendomsmeglerforbund er skuffa over forslaget og meiner det gjer vegen kortare for å innføre gradvis høgare bustadskatt. Sanner trur likevel dette vil vere viktige endringar for å vri investeringane til folk frå bustad til næring.

– Vi håpar at auka verdsetjing av bustader kan bidra til at ein større del av sparinga går til næringsverksemd, seier finansministeren.

Dyrare nummer to-bustad

For sekundærbustader blir verdsetjinga auka frå 90 til 95 prosent, medan hytter og fritidsbustader blir justerte opp med 10 prosent.

Formueverdien av sekundærbustader har auka frå 50 prosent då Solberg-regjeringa overtok i 2013 til 90 prosent i år, påpeikar Eiendomsmeglerforbundet. No viser statistikk at delen som eig fleire bustader, er fallande.

– Denne utviklinga er kalkulert, men vi vil samtidig peike på at den norske modellen er avhengig av ein relativt stor del private utleigebustader i byane der studentar og arbeidstakarar i større grad spør etter ein mellombels bustad. Dersom interessa for investering i sekundærbustad fell vidare, kan vi paradoksalt nok komme i ein situasjon der det samla bustadtilbodet blir svekt og fører til press på både leigeprisar og salsprisar, seier administrerande direktør Carl O. Geving.

Formuesskatten kutta igjen

Sidan ho tiltredde, har statsminister Erna Solberg kutta formuesskatten med 10 milliardar kroner. Også denne gongen foreslår regjeringa kutt.

Verdsetjinga av arbeidande kapital, som eigarskap til aksjar og driftsmidlar, skal reduserast frå 55 til 50 prosent.

Samtidig foreslår regjeringa å auke botnfrådraget frå 1,5 til 1,6 millionar kroner slik at dei med låge formuar ikkje skal betale formuesskatt.

Endringar for lommeboka

Statsbudsjettet inneheld ei rekkje forslag til skatte- og avgiftsendringar som mange vil merke i kvardagen:

* Trinnskatten blir redusert på inntekt opptil 670.000 kroner. Endringane gir ein skattelette i inntekt på 2,5 milliardar kroner årleg.

* Foreldrefrådraget blir endra slik at dei to øvre grensene blir erstatta av éi øvre grense på 25.000 kroner.

* Unge under 30 år kan få såkalla jobbskattefrådrag på inntil 5.000 kroner.

* Satsane i reisefrådraget blir auka til ein felles sats på 1,65 kroner per kilometer. Terskelen for å få frådrag blir senka med 10.000 kroner for dei som bur i dei minste kommunane.

* Det kan bli endringar for dei som har opsjonar gjennom jobben i selskap som er i oppstarts- eller vekstfasen. Skattlegging skjer først når aksjane blir realiserte, og då fullt ut som aksjeinntekt, ikkje lønnsinntekt.

Lågare straumrekning, dyrare å flyge

* Elavgifta blir kutta med 1,5 øre. Letten blir anslått til 300 kroner i året for eit gjennomsnittshushald.

* Flypassasjeravgifta blir innført att. Satsen er 80 kroner per passasjer for flygingar i Europa og 214 kroner per passasjer for andre flygingar.

* CO₂-avgifta blir auka med nær 30 prosent, og det vil bety dyrare drivstoff. For bensinbilar blir avgifta auka med 41 øre, frå 1,37 til 1,78 kroner literen.

* Auke i tobakksavgifta (rundt 6 prosent) og alkoholavgifta (mellom 1,2 og 1,4 prosent).

* Ladbare hybridbilar får redusert særfordel, medan CO2-komponenten i eingongsavgift for personbilar blir auka. Elbilar får omregistreringsavgift og full trafikkforsikringsavgift (tidlegare kjent som årsavgifta).

Publisert: 12.10.2021 13:51

Sist oppdatert: 12.10.2021 13:55