Jordbrukskutt rammar dei smaa i distrikta
STORTINGSMELDING: Regjeringa legg fram Stortingsmelding om landbrukspoltikken i dag. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Slik vil regjeringa styrke landbruket

Inntektene skal samanliknast med lærarar og sjukepleiarar, ikkje industriarbeidarar.

08.03.2024

Inntektene til bøndene skal samanliknast med lærarar og sjukepleiarar, ikkje industriarbeidarar. Og dyra skal ete meir grovfôr og gras, i staden for kraftfôr.

Det er blant dei viktigaste punkta i stortingsmeldinga som blir lagd fram av landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp) og næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) fredag. Der skal regjeringa fortelje korleis dei skal auke sjølvforsyningsgrada til 50 prosent og trappe opp inntektsmoglegheitene i landbruket.

50 prosent sjølvforsyning
Auka sjølvforsyningsgrad – det vil seie at meir av maten vi treng for å klare oss, skal kunne produserast i Noreg – er eit mål som eit breitt fleirtal på Stortinget er samde om. Regjeringa vil nå eit mål om 50 prosent sjølvforsyning, og i planen deira skal dei presentere tiltak som skal føre til:

* Auka etterspurnad etter mat frå norsk jordbruk

* Auka produksjon av, og etterspurnad etter norsk frukt, grønt og matkorn

* Auka bruk av grovfôr og gras

* Auka del norske råvarer i kraftfôret

Må levere varer forbrukarane vil ha

Pollestad understrekar at dette er avhengig av at norsk jordbruk leverer produkt som forbrukarane vil ha, og føreset lønnsemd i produksjonen.

– Oppfølging av strategien må skje i samarbeid mellom staten og alle ledd i verdikjeda for mat, seier han i ei pressemelding.

Oppdaterer inntektsgrunnlaget
Bøndene har også venta lenge på noko heilt anna: Ein oppdatert måte å berekne inntektene deira på. Budsjettnemnda for jordbruket skal leggje fram tala i dei nye talgrunnlaget allereie før jordbruksoppgjeret i vår.

Mellom anna skal det no blir lagt opp til å samanlikne jordbruksinntekta med «eit justert gjennomsnitt av lønn for arbeidstakarar som er om lag på nivå med lønn i undervisningsyrke og helserelaterte yrke».

Dette blir ifølgje regjeringa om lag 9 prosent over industriarbeidarlønna – som var samanlikningsgruppe førre runde med lønnsopptrapping frå midten av 1970-talet.

Publisert: 08.03.2024 12:20

Sist oppdatert: 08.03.2024 13:05