Mange bønder må ta tøffe val
Ein stor andel av bøndene på Nordvestlandet har framleis kyr på bås. Om ti år er det ikkje lenger lov.
Frå 2034 er kravet at kyr kan gå lause omkring i fjøset, såkalla lausdriftfjøs, i staden for å stå fast i ein bås.
Det krev at bøndene investerer i ombygging, utbygging eller nybygging for å stette kravet.
– Det er ein veldig stor andel (bønder på Nordvestlandet, red. merk) som driv med båsfjøs, seier Stig Tryggestad, ansvarleg for utlån til landbruk i Sparebanken Møre.
Redusert investeringsvilje
Kravet om lausdrift gjer at dei som planlegg å halde fram som bonde også etter 2034 må investere i lausdriftfjøs.
I åra 2010 og fram til rundt 2015, var det stor investeringsvilje. Deretter har det dabba av.
– Det er mindre nybygging no enn det har vore. Det er meir skepsis, seier Tryggestad.
Vurderer nedlegging
NETT.NO fortel i dag om Sofie Høybakk frå Vigra, som blei kåra som årets unge bonde i Noreg i 2021, men no vurderer nedlegging på grunn av økonomien.
Ho treng lausdriftfjøs for å kunne halde fram etter 2034, men anslaget på at eit slikt fjøs vil koste rundt 12 milionar kroner. Det, kombinerte med låg lønsemd, gjorde at byggeplanane vart lagt bort.
Det er mange bønder som er i hennar situasjon, der deira avgjerd er viktig for rekrutteringa til landbruket i Møre og Romsdal.
– Det er desse vi skal behalde. Det er skikkeleg trasig at slike som henne vurderer å slutte, seier Tryggestad.
Må ha betra økonomi
For banken er ikkje landbruk ein problembransje.
– Det er veldig lite tap, seier Tryggestad.
Men for bøndene ser det annleis ut, trass i relativt gode jordbruksoppgjer dei siste åra. Kostnadsauken - og at utbetalinga frå jordbruksoppgjera skjer på etterskot - har sett likviditeten under press.
Tilbakemeldinga Tryggestad får frå bøndene er klar på kva som må til: Økonomien må bli betre.
– Dei meiner det er behov for eit kraftig løft, spesielt for mjølkebøndene, seier Tryggestad.
Publisert: 08.03.2024 11:11
Sist oppdatert: 08.03.2024 17:07