Samskip konteiner container foto marius 11
KONTAINERMANGEL: Koronapandemien har ført til mangel på kontainerar for fiskeeksportørar. Illustrasjonsfoto: Marius Rosbach
Nytt

Slit med kontainermangel

Mangel på tilgjengelege kontainerar har ført til utfordringar for Global Sales under pandemien.

14.06.2021

Dette skriv selskapet i årsrapporten for 2020. Der går det fram at ein har hatt problem med logistikken på grunn av kontainermangelen.

Trass i problema, auka selskapet salet frå 827,1 millionar kroner i 2019 til 1284,5 millionar kroner i 2020.

Derimot vart resultatet før skatt redusert frå 4,3 millionar i 2019 til 2,7 millionar i fjor.

(Saka held fram etter tabellen)

Global Sales
Årsresultat (i mill kr) 2020 2019
Driftsinntekter 1284,5 827,1
Driftsresultat 2,1 4,5
Resultat før skatt 2,7 4,3

Styrt frå Ålesund
Global Sales har sju tilsette, med hovudkontor i Ålesund og avdelingskontor i Tromsø.

Selskapet er ein del av Nergård-systemet der Lofoten Viking eig 40 prosent, Global Fish Holding 38 prosent, Nergård Seafood 14 prosent og Nano ved Alexander Langø 8 prosent.

Global Sales sel pelagisk fisk for Nergård Sild, Lofoten Viking og Global Fish, pluss kvitfisk og biprodukt frå Lofoten Viking.

Selskapet hadde stor vekst i salet til Europa i 2020, og Europa stod for 737 millionar kroner av omsetninga.

Asia gjekk litt ned til 363 millionar, medan Afrika kom inn med 117 millionar kroner.

Publisert: 14.06.2021 05:57

Sist oppdatert: 14.06.2021 06:11

Mer om