Slutt for Fostech
Teknologiselskapet i Fosnavåg bad om oppbod.
Fostec har spesialisert seg på å utvikle system for bruk av det som blir kalla AR-briller, som gir brukarane høve til å utnytte tilleggsinformansjon i brillene - og kommuniserer med andre som har tillgang til den same informasjonen.
Majoroitetseigar og dagleg leiar Håvard Notøy etablerte selskapet i 2015 og har satsa både på maritim marknad og undervisningssektoren, men no er er det slutt.
Det er selskapet sjølv som har meldt oppbod, og Møre og Romsdal tingrett opna konkurs i selskapet torsdag. Thore Heggen er bustyrar i saka og første skiftesamling er 17. april.
Fekk inn ny kapital
Ifølgje rettspapira er gjelda på kring 4,2 millionar kroner og verdiane drygt 300.000 kroner. Her kjem det óg fram at verksemda er innstilt.
I 2021 gjekk teknologiselskapa North Invent Norway og Ansur Technologies inn med til saman tre millionar kroner i eigenkapital i Herøy-selskapet.
I tillegg fekk selskapet lånetilsagn frå DNM og ein innovasjonskontrakt med Innvovasjon Noreg til eit prosjekt det Rem Offshore skulle vere pilotkunde.
Betydeleg gjeld
I 2022 hadde selskapet 2,1 millionar kroner i driftsinntekt og minus 1,7 millionar kroner i resultat før skatt.
Gjelda var då på 4,5 millionar kroner og den bokførte eigenkapitalen 2,4 millionar kroner. Storparten av verdiane i selskapet var såkalla immatrielle midlar, som betyr verdien av teknologien og systema selskapet hadde utvikla.
Publisert: 07.03.2024 14:22
Sist oppdatert: 08.03.2024 10:19