Ruta startar opp 1. november i år. Samstundes legg Wizz Air ned ruta mellom Vigra og Vilnius.
Dette opplyser lufthamnsjef Tor Hånde på Ålesund lufthamn Vigra.
I påvente av oppstart på den nye ruta, vil ruta Ålesund – Vilnius halde fram med avgangar fredagar og måndager frå april til 28. oktober.
Også Wizz Air sine eksisterande ruter frå Bergen og Stavanger til Vilnius, vert flytta til Kaunas ved overgang til vinterprogrammet 2016/2017, opplyser Hånde.
Wizz Air er det største lavprisselskapet i Sentral- og Aust Europa og har ei flåte på 66 Airbus A320 og A321 fly.
Flyselskapet har 420 flyruter i 38 land. I 2015 frakta selskapet 19,2 millionar passasjerar.
Dette opplyser lufthamnsjef Tor Hånde på Ålesund lufthamn Vigra.
20 Euro ein veg
Hånde opplyser at det vil vere avganger frå Vigra til Kaunas tysdagar og laurdagar. Billettprisene startar på 20 Euro for ein veg.I påvente av oppstart på den nye ruta, vil ruta Ålesund – Vilnius halde fram med avgangar fredagar og måndager frå april til 28. oktober.
Også Wizz Air sine eksisterande ruter frå Bergen og Stavanger til Vilnius, vert flytta til Kaunas ved overgang til vinterprogrammet 2016/2017, opplyser Hånde.
Størst på lavpris
Kaunas er nest største byen i Lithauen med rundt 400.000 innbyggarar.Wizz Air er det største lavprisselskapet i Sentral- og Aust Europa og har ei flåte på 66 Airbus A320 og A321 fly.
Flyselskapet har 420 flyruter i 38 land. I 2015 frakta selskapet 19,2 millionar passasjerar.
Publisert: 14.04.2016 10:08
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:54