Aido er ein delingsapp spesielt retta mot vikarar, mindre oppdrag og frivillig arbeid.
Målet er legge til rette for å forvalte og disponere ressursene i samfunnet på en konstruktiv og utviklande måte, der vi legg til rette for å løse velferdsutfordringar og skaper muligheiter for menneske, seier Ringstad.
Appen skal å kople oppdragsgivar og oppdragstakar på ein enkel måte, og mellom anna spare arbeidsgivarar for tidkrevande telefonrundar når det er behov for vikarar eller ekstra hjelp. Gjennom appen kan arbeidsgivar styre kven som skal få forespørselen og motta tilbakemelding om kven som kan stille på jobb.

Utviklingsarbeidet har fått innspel både frå skular, barnehagar og spesielt fra Pelagia Liavågen, som og tar løysinga i bruk til sesongstart igjen, seier Ringstad.
Delingsøkonomi
Ideen bak Aido byggjer på dei same prinsippa som blant andre bildelingstenesten nabobil.no byggjer på, der utleigar og leigetakar avtalar leigeperiode og pris gjennom appen, og også ordna betaling gjennom den.
Ringstad har bygd opp Aido som eit todelt tilbod:
Ei betalt abonnementsordning retta mot bedrifter og offentleg sektor som har ei gruppe vikarar/tilkallingstilsette dei kommuniserer med gjennom appen:
Ein open del retta mot mindre oppdrag, som handverkartenester, og frivillig arbeid. Den opne delen skal gi inntekter ved at Aido tek ein liten andel av avtalt betaling som honorar.
Alle transaksjonar vil vere digitalt sporbare, slik at appen ikkje opnar opp for svart arbeid. Aido har og dialog med Skattedirektoratet om å kunne rapportere direkte inn skatt med meir, når dette vert lagt til rette for.
Test i Ålesund og Ulsteinvik
- Det er mykje arbeid og ressursar som gå med til å organisere frivilligheitsarbeidet, seier strategi og utviklingssjef Anne Mette Liavåg i Ålesund kommune.
Kommunen har vore i samtalar med Ringstad og vurderer å ta i bruk appen, i følgje Liavåg. I første omgang er det aktuelt å bruke den i organiseringa av den kommunale Ålesund Frivilligsentral, som arbeider med å koble dei som stiller opp for frivillige oppdrag med etterspørselen.
Frivilligsentralen organiserer mellom anna Natteramntenesten, som vil passe godt til bruk av appen.
Liavåg seier kommunen og har vore i kontakt med eit anna selskap, som også utviklar eit liknande tilbod.
Ho meiner det er potensiale for slike tenester, spesielt for å kunne kople saman tilgjenglege ressursar med behov som krev at mange personar er involvert i oppgaver som kvar for seg tek ein mindre del av dagen.
Ulstein kommune har signert avtale med selskapet og er i gang med bruk av løysinga innanfor reinhald og flyktningtenesta. Frivilligsentral og to andre områder skal og prøvast ut.
Sætrenes med på laget
Ringstad har investor og Sydvestor-partnar Jostein Sætrenes med i styret og også som medeigar i ein mindre aksjepost. Medeigare er og dei tre tilsette som har vore med og utvikle tenesten.
Innovasjon Noreg har støtte utviklingsarbeidet med 600.000 kroner og Advokatfirmaet Adviso har gitt støtta selskapet med advoktahjelp under etableringa.
I løpet av hausten er det og aktuelt å hente inn meir eigenkapital for å finansiere marknadsføring og vidareutvikling av appen.
Les også: Mange vil har investorråd
Opnar arbeidsmarknaden
Ringstad kom frå leiarjobben i arbeidsmarknadsbedrifta Ulshav og Mjøl & Meir då han hoppa av for å satse på Aido.
- Målet er å åpne for auka deltaking i arbeidslivet og ei meir konstruktiv ressursdisponering og samhandling i samfunnet. Gjennom dei to løysingane i appen, skal Aido bidra til eit meir berekraftig samfunn, og vere med på å endre oppfatninga av kva som er problem og kva som ressursar i samfunnet, seier han.
Eitt av poenga med appen er å gjere det lettare for folk som står utanfor arbeidsmarknaden å få arbeid ved å ta mindre oppdrag ved å gjere det enklare å finne og avtale oppdrag.
Appen skal også kunne brukast av bedrifter, kommunar og friviljuge organisasjonar til dømes til å kalle inn til dugnader eller frivillig arbeid av anna slag.
Målet er å åpne for auka deltaking i arbeidslivet og ei meir konstruktiv ressursdisponering og samhandling i samfunnet
Publisert: 29.06.2017 06:00
Sist oppdatert: 28.06.2022 23:07